Hopp til innhold

Stefan Löfven (S) skal prøve å danne regjering i Sverige

Stefan Löfven (S) skal prøve å danne regjering i Sverige. Måndag ettermiddag fekk han oppdraget frå talmannen i den svenske Riksdagen, Andreas Norlén.

Socialdemokraternas Stefan Löfven kan i dag være ferdig som statsminister i Sverige

Stefan Löfven (S) har fått i oppdrag å prøve å danne ny regjering.

Foto: Henrik Montgomery/TT / NTB scanpix

Søndag blei det klart at Ulf Kristersson frå Moderaterna gav opp forsøket på å danne regjering etter å ha prøvd i snart to veker. Måndag morgon møtte Stefan Löfven talmannen, som svarar til den norske stortingspresidenten.

Talman Andreas Norlén fekk beskjed om at Löfven no er klar til å ta på seg oppdraget med å prøve å setje saman ny regjering i Sverige, og måndag ettermiddag fekk altså Löfven i oppdrag å gå i gang med å sondere om dette er mogeleg.

Moderaterna-leder Ulf Kristersson under pressekonferansen 14. oktober

Ulf Kristersson gav søndag talmannen beskjed om at han gir opp forsøket på å danne regjering.

Foto: Henrik Montgomery / AFP

– Eg er klar

Etter det første møtet med talmannen sa Löfven til pressa at det vil vere best for landet å få i stand eit samarbeid på tvers av dei politiske blokkene.

– Eg står til talmannen sin disposisjon med å leie prosessen og komme fram til ei slik løysing, sa Löfven.

I løpet av måndagen møtte talmannen partileiarane i tur og orden for å diskutere kven dei trur er mest aktuell for å ta på seg oppdraget etter Ulf Kristersson.

Først ut var Socialdemokraterna, deretter stilte Sverigedemokraterna, Centerpartiet, Vänsterpartiet, Kristdemokraterna, Liberalerna og Miljöpartiet på talmannen sitt kontor.

Etter at Norlén hadde snakka med alle, gjekk oppdraget formelt til Löfven. Han sa at Löfven no har to veker på seg til å sjå om det er mogeleg å få til eit regjeringsalternativ med han som statsminister.

Stefan Löfven (S) - talman Andreas Norlén

Stefan Löfven (S) er klar til å prøve å danne ny regjering i Sverige. Måndag fekk Riksdagens talman Andreas Norlén beskjed. Seinare måndag, etter å ha snakka med dei andre partileiarane, konkluderte talmannen.

Foto: Fredrik Persson/TT / NTB scanpix

Uklart etter valet

Valet 9. september enda med at verken den raudgrøne sida eller den borgarlege Alliansen fekk parlamentarisk fleirtal.

Dei raudgrøne fekk 144 plassar i Riksdagen mens Alliansen (Moderaterna, Liberalerna, Centerpartiet og Kristdemokraterna) fekk 143 plassar. Sverigedemokraterna kom på vippen med sine 62.

Verken sentrum-høgre eller sentrum-venstre ønskjer å samarbeide med Sverigedemokraterna.

Men det er nyansar. Av partia i Alliansen har Liberalerna og Centerpartiet begge erklært at det er uaktuelt for dei å sitje i ei regjering som må forhandle med Sverigedemokraterna, mens Moderaterna og Kristdemokraterna ikkje har avvist dette like tydeleg.