NRK Meny
Normal

Statsministeren i Libanon går av

Najibb Mikati trekkjer seg frå vervet som statsminister i Libanon etter urokkeleg usemje med Hizbollah og andre politiske motstandarar.

Najib Mikati trekkjer seg som statsminister i Libanon

Najib Mikati hadde håp om å skapa samarbeid og redusera polariseringa i den libanesiske regjeringa då han tok på seg statsministervervet i 2011. No har han gitt opp.

Foto: JAMAL SAIDI / Reuters

Det kunngjorde Mikati sjølv i ein direktesendt fjernsynstale fredag kveld.

Dei politiske motstandarane skal ha blokkert opprettinga av eit organ til å overvaka det kommande parlamentsvalet. Hizbollah skal i tillegg ha stilt seg i vegen for ei forlenging av tenestetida til politisjefen i landet, generalmajor Ashraf Rifi, ifølgje AP.

Dette skal i sum ha vore utslagsgjevande for at statsministeren valde å gå av.

Ville skapa dialog

Den mektige sjiagrupperinga Hizbollah dominerer libanesisk politikk. Mikati har sidan 2011 vore statsminister i ei fleirtalsregjering som blei danna utifrå den pro-syriske 8. mars-koalisjonen.

Sunnimuslimske Mikati blei utpeika som statsminister atter at Hizbollah pressa hans pro-vestlege forgjengar Saad al-Hariri ut av regjeringssamarbeidet.

Mikati lanserte seg sjølv som ein moderat politikar med eit ønske om å sameina den polariserte politikken i Libanon. I motsetning til Hariri var han villig til å samarbeida med pro-syriske Hizbollah.

Men samarbeidsoptimismen ser no ut til å ha forsvunne.

– Dei politiske blokkene må ta ansvar

Mikati meiner samarbeidsklimaet er for dårleg til at det er mogleg å styra landet på ein god og forsvarleg måte. Ved å trekkja seg frå statsministervervet vonar han at ei nasjonal samlingsregjering tek over rattet.

– Eg kunngjer at regjeringa trekkjer seg, og håpar at dette får dei store politiske blokkene til å ta ansvar og setja seg saman for å føra Libanon ut av uvisse, sa Mikati på ein pressekonferanse i Beirut fredag kveld.

Den libanesiske presidenten Michel Suleiman må godkjenna statsministeren sin avgang før den er gyldig.

Den politiske situasjonen i landet har vorte svært spent etter at det braut ut borgarkrig i Syria. I oktober i fjor forsøkte sinte demonstrantar å storma regjeringa sitt hovudkvarter i Beirut. Demonstrantane kravde at Mikati trekte seg frå stillinga som statsminister.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt