Hopp til innhold

Statsministeren i Etiopia er død

Statsministeren i Etiopia, Meles Zenawi (57), er død, opplyser ein regjeringstalsmann i landet.

Etiopias statsminister Meles Zenawi.

Etiopias statsminister Meles Zenawi er død, 57 år gammal.

Foto: ANDREW HEAVENS / Reuters

Det har lenge gått rykte om at han var alvorleg sjuk. Han skal ha døydd på eit sjukehus i Brussel.

Egypts nye statsminister Hailemariam Desalegn.

Hailemarian Desalegn tek inntil vidare over som statsminister i Etiopia.

Foto: MOHAMED NURELDIN ABDALLAH / Reuters

Visestatsminister Hailemariam Desalegn overtek som statsminister inntil vidare, melder det statlege fjernsynet.

Akutt infeksjon

Fjernsynet opplyste i dag tidleg også at statsministeren var innlagt på eit sjukehus i utlandet då han døydde, og at han var i betring då han vart ramma av ein akutt infeksjon, melder nyheitsbyrået Reuters.

Den tidlegare geriljaleiaren Meles Zenawi har vore ved makta i Etiopia sidan 1991, då regimet til diktatoren Mengistu Haile Miriam vart styrta. Zenawi leidde opprøret mot Mengistu.

Det er frykt for at dødsfallet skal destabilisere Etiopia, som blir rekna for å vere ei av stormaktene i det austlege Afrika.

Deltok ikkje på toppmøte

Det har gått rykte om at Zenawi var dødssjuk, etter at han ikkje møtte opp på eit toppmøte i Den afrikanske union i Addis Abeba i juli. Han har ikkje vist seg offentleg sidan juni.

Ein talsmann for den somaliske islamistgeriljaen Al Shabab seier i ein kommentar til dødsfallet at dei er glade for at Zenawi er død, og at dette vil føre til kaos og oppløysing i Etiopia.

LES OGSÅ: Trygt å returnere til Etiopia

topp Johan Persson WEB_INRIKES

Dei to svenske journalistane Johan Persson og Martin Schibby sit fengsla i Etiopia.

Foto: Kontinent Agency / SCANPIX SWEDEN

Under styret til Mele har Etiopia blitt skulda for brot på menneskerettane og undertrykking av dissidentar. Det har vore ein stor flyktningstraum frå Etiopia dei siste åra, også til Noreg.

På papiret har han ført ein politikk for makt er overført til regionar med ulike etniske grupper, men regjeringa har likevel halde eit fast grep om makta, skriv NTB.

Svenskar i fengsel

To svenske journalistar, Johan Persson og Martin Schibbye, sit fengsla i landet. Dei er dømde til elleve års fengsel for å ha støtta terrorisme, og for å ha kryssa grensa ulovleg frå Somalia.

Sverige har kravd at dei to skal setjast fri, og det er kretsen rundt statsministeren som skal avgjere lagnaden til dei to svenskane.

SISTE NYTT

Siste nytt