Hopp til innhold

Statsminister brukte ein halv million på flytur for å amme nyfødd baby

New Zealands statsminister Jacinda Ardern forsvarar ein kostbar flytur til stillehavsøya Nauru med at ho har ein elleve veker gammal baby som ventar heime.

NZEALAND-FAMILY-POLITICS-ARDERN

STATSMINISTER OG MOR: Jacinda Ardern vart mor til ei lita jente den 24. juni i år.

Foto: MICHAEL BRADLEY / AFP

Ardern skulle delta på det årlege stillehavsforumet på øya Nauru, saman med visestatsminister Winston Peters. Men på grunn av at ho framleis ammar den elleve veker gamle dottera si Neve, kunne ho berre delta ein dag, og flyvåpenet måtte ta ein ekstra tur berre for henne.

Det kosta cirka ein halv million kroner, ifølgje BBC. Og debatten rasar om det var fornuftig å bruke så mykje pengar på ein flytur.

Ardern forklarte ho ikkje kunne reise med babyen, fordi den var for ung til å ha dei nødvendige vaksinane, slik at ekstraturen var nødvendig skulle ho klare å få med seg minst ein dag av toppmøtet på Nauru.

– Eg hadde valet mellom å delta ei kort tid, eller ikkje reise i det heile tatt, eg trur det hadde kome like mykje kritikk om eg ikkje hadde delteke, sa Ardern ifølgje The Daily Telegraph.

Ho viste til at statsministeren på New Zealand hadde som vane å delta.

Nauru Pacific Islands Forum

VIKTIGE SAMTALAR: Ardern diskuterte klimaendringane, narkotikasmugling og fiskeriforvaltning under det årlege stillehavsforumet.

Foto: Jason Oxenham / AP

Delte meiningar

No raser debatten på New Zealand om pengebruken. Dei folkevalde har allereie stramma inn sine eigne løner etter streikar i offentleg sektor i sommar.

Fleire politiske kommentatorar meiner at stillehavslanda ville forstå at statsministeren ikkje kunne delta på grunn av babyen.

Laster Twitter-innhold

Nokre kommentatorar meinte det var unødvendig for Ardern å delta så lenge visestatsministeren var der, medan andre meiner dette berre er tull og tøys.

Laster Twitter-innhold

Familiebloggar Emily Writes tok Ardern i forsvar. Ho meinte statsministeren vart kritisert berre for å vere «ei mor». Og at nokre gretne gamle gubbar tok til sosiale medier for å «avsløre» dette til nasjonen.

Til Washington Post seier Ardern at ho ikkje er den første kvinna som både arbeider og har ein baby:

– Det er mange kvinner som har gjort dette før, sa ho til Washington Post.

Ardern er den første sittande statsministeren i New Zealand som har blitt gravid.

SISTE NYTT

Siste nytt