«ALVIN: EG SKAL DREPE DEG!!!!!!!!!!!!!!!» skal det ha stått i brevet ifølge den amerikanske nettstaden NBC News.
I brevet skal det også ha vore ein liten mengde kvitt pulver.
Politi ventar på Bragg utanfor tinghuset i New York.
Foto: Eduardo Munoz Alvarez / APDanielle Filson, talsperson for statsadvokatembete i New York, har fortalt at pulveret blei sendt til analyse, og at det blei fastlått at stoffet ikkje var farleg.
Brevet skal ha blitt funne på postkontoret til statsadvokaten, ifølge New York Daily News.
Statsadvokat Alvin Bragg på veg inn til kontoret fredag.
Foto: Eduardo Munoz Alvarez / APHendinga skjer i kjølvatnet av ei rekke utsegn frå ex-presidenten fredag.
Det er ikkje kjent om brevet eller pulveret har samanheng med etterforskinga.
Trua med død og øydelegging
På sin eigen sosiale medium-plattform «Truth Social» har Trump publisert ei rekke utsegn om den pågåande rettssaka mot han. Fredag trua han med «død og øydelegging» dersom han blei tiltalt.
Trump prøver for tida å bli republikanaranes presidentkandidat i 2024.
Foto: BRETT ROJO/USA TODAY SPORTS / ReutersTrump har tidlegare uttalt at han meiner granskinga som blir leia av Bragg er politisk motivert, og har kalla det ei «politisk heksejakt».
Førre laurdag hevda han at han ville bli arrestert tysdag, og oppfordra til protest. Arrestasjonen skjedde som kjent ikkje.
Etterforska for fleire forhold
Trump er under etterforsking for fleire forhold. Det er likevel hysjpengane til pornostjerna Stormy Daniels som kan få han til retten skriv The New York Times.
Bakgrunnen for den moglege tiltalen er at ein månad før presidentvalet i 2016, skal den tidlegare advokaten til Trump, Michael Cohen, ha betalt 130.000 dollar til Daniels.
Pengane skal ha blitt betalte for å sørgje for at ho ikkje snakka om eit påstått seksuelt forhold til den tidlegare presidenten i 2006.
Stormy Daniels hevdar å ha hatt eit seksuelt forhold til presidenten i 2006.
Foto: Markus Schreiber / APMichael Cohen hevdar at pengane kom frå hans eiga lomme, og at han på eit seinare tidspunkt fekk dei tilbake av Trump.
Dette kan i så fall vere brot på lova om valkampfinansiering.