Hopp til innhold

Vil vinne med velferd

I går la ho fram eit sjenerøst velferdsprogram, i dag lyser ho ut nyval. Vil dei 39 milliardane ho tilbyr helse- og omsorgssektoren gi statsminister Helle Thorning-Schmidt fleire stemmer?

Helle Thorning-Schmidt

LYSER UT VAL: Helle Thorning-Schmidt ligg bak på meiningsmålingane, men sparkar i gang valkampen i dag.

Foto: ALAIN JOCARD / Afp

Helle Thorning-Schmidt har lyst ut val i Danmark. No står slaget mellom ho og tidlegare statsminister Lars Løkke Rasmussen.

Meiningsmålingane spår nederlag for statsministeren. Trass i framgang for Socialdemokraterne sidan dei starta ein stor offensiv ved nyttår har regjeringspartnaren Radikale Venstre gått tilsvarande tilbake, ifølge Politiken.

Mest populær, men veljarane sviktar

Thorning-Schmidt si venstreblokk ligg difor for augeblikket på 47,7 prosent, medan tidlegare statsminister Lars Løkke Rasmussen og hans Venstre ligg på 52,2 prosent ifølge ei fersk måling frå Epinion.

Politiken omtaler det som eit paradoks at sjølv om veljarane i overvekt vil stemme på opposisjonspartia, er Helle Thorning-Schmidt stadig ein meir populær og truverdig statsminister enn motparten Løkke Rasmussen frå det borgarlege partiet Venstre, som har fått gjennomgå for sitt luksusforbruk.

Thorning-Schimdt har også fått gjennomgå på det personlege plan, frå kallenamnet «Gucci-Helle» til selfie med Obama og homorykte rundt hennar ektemann, som for berre nokre veker sidan vart valt inn i det britiske parlamentet som Labour-representant for Wales der han kjem frå.

Tjuvstarta valkampen

Frå nyttår har statsministeren frå Socialdemokraterne køyrt hardt på med kampanjen «Det Danmark, du kender» i eit forsøk på å halde på dei veljarane som har vore tilbøyelege til å gå over til det innvandrarskeptiske Dansk Folkeparti.

– Det har vore ei innstramming, og politikarane kappast om å stå for den hardaste innvandringspolitikken for å vinne veljarar, sa politisk redaktør Mikael Bjerre i Berlingske Tidende til NRK nyleg.

I tillegg har regjeringa kome med ei rekke initiativ, det siste er gårsdagens velferdsutspel, som fekk fart på spekulasjonane om nyval. Planen er å bruke 39 milliardar kroner på offentleg velferd fram til 2020, fordelt på fire fokusområde. Dette har til formål å tydeleggjere forskjellen på regjeringa si vilje til å bruke pengar på velferd og dei borgarlege som vil ha utgiftsstopp og skattelette, skriv Berlingske.

Dagens regjering legg opp til å auke dei offentlege utgiftene med 0,6 prosent årleg, medan den borgarlege opposisjonen legg opp til nullvekst. Statsministeren sjølv kalla det sjølv eit beskjedent løft av offentleg sektor.

Det er venta at det er nett innvandring og offentleg pengebruk valet vil handle om. Så står att det å sjå kva som vert veljarane sin dom den 18. juni