Hopp til innhold

Startar hogst i Europas siste urskog

Den polske regjeringa har gitt klarsignal til hogst i urskogen Bialowieza. – Dette er å spytte oss i ansiktet, seier miljøaktivistar.

HHGsQoKs1Sg

EU-domstolen sette ned foten, men no skal hogsten i den unike Bialowieza-skogen halde fram. Her lever mange artar som har døydd ut andre stader.

Foto: Czarek Sokolowski / AP

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Skogen står på Unesco si verdsarvliste, og var tema for ein konflikt mellom Polen og EU i 2016–2018.

Den omfattande hogsten blei stansa etter at EU-domstolen (ECJ) i april 2018 slo fast at Polen hadde handla i strid med EU sine miljøvernlover ved å felle tre som var eldre enn 100 år.

No har det polske Klima- og miljødepartementet signert dokumenta som gir løyve til hogst i to av tre distrikt i Bialowieza-skogen. Dei meiner at løyvet er i samsvar med krava frå EU-kommisjonen.

Kommisjonen har tidlegare sagt at Polen kan bli straffa økonomisk, dersom dei ikkje rettar seg etter avgjerda i EU-domstolen. Domstolen meiner Polen enno ikkje har fjerna eit punkt i planane sine som opnar for tredobling av hogsten.

Bialowieza er en urskog der trærne har fått leve og dø

Bialowieza er ein urskog der trea har fått leve og døy utan menneskeleg innblanding.

Foto: Peter Andrews / REUTERS

– Ikkje i konflikt med EU-domstolen

Men viseminister for klima, Edward Siarka sa på ein pressekonferanse tysdag at avgjerda ikkje er i konflikt med EU-domstolen.

Siarka seier at det ikkje skal hoggast tre som er meir enn 100 år gamle. Og hogsten skal ikkje starte før hekkesesongen for fugl er over.

Generaldirektøren for det statlege skogselskapet Andrzej Konieczny seier at avgjerda vil sikre behovet for oppvarming i fleire lokalsamfunn. Men Adam Bohdan i miljøorganisasjonen Wild Poland Foundation, seier det slik, ifølgje Reuters:

– Styresmaktene spyttar oss i ansiktet. Vi vil prøve å stanse hogsten.

Europeisk bison i skog

I Bialowieza-skogen lever den største stammen av europeisk bison, det største pattedyret i Europa.

Foto: Michal Kosc / Ap

– Øydelegg leveområda

Miljøaktivistar meiner den omfattande hogsten av tre øydelegg leveområda til plantar og dyr. Dei har tidlegare samla inn fleire tusen underskrifter med protest mot hogsten.

Men den polske regjeringa seier at det er nødvendig med hogst for å rydde stiar og verne trea mot angrep av granborkbille.

Bialowieza-skogen dekkjer eit 3000 kvadratkilometer stort område på begge sider av grensa mellom Polen og Kviterussland.

Det er den siste store resten av skogen som ein gong dekte mesteparten av den nordeuropeiske sletta mellom Ural-fjella til Pyreneane.

Her lever hundrevis av europeisk bison og rundt 60 andre pattedyrartar, 250 fugleartar, sumpskilpadder, reptil, eit utal insekt og mange planteartar som har døydd ut andre stader.

Her finn vi også dei høgaste trea i Europa, 50 meter høge grantre, og 40 meter høge tre av eik og ask.

Polen med Bialowieza

SISTE NYTT

Siste nytt