Hopp til innhold

Stansa angrep mot julegran-tenning

Politiet i den amerikanske byen Portland i Oregon har avverja eit forsøk på å sprengje ei bilbombe under den årlege julegran-tenninga i byen.

Frå juletre-tenninga i Portland.

Det var mange frammøtte under juletre-tenninga i Portland i natt norsk tid.

Foto: Torsten Kjellstrand / Ap

Ein 19 år gammal amerikansk statsborgar med somalisk bakgrunn er pågripen i saka.

FBI og lokalt politi

Mohamed Osmak Mohamud (19) pågripen for terrorforsøk i Portland.

19 år gamle Mohamed Osmak Mohamud vart arrestert i Portland i natt norsk tid.

Foto: Ap

19-åringen vart pågripen i ein felles aksjon mellom det føderale politiet FBI og politiet i Portland. Politiet slo til rundt klokka 17.40 lokal tid, 01.40 norsk tid.

Politiet opplyser at mannen var i ferd med å detonere det han trudde var sprengstoff i ein stor bil som var parkert like ved der tenninga av juletreet gjekk føre seg.

Han ringde et nummer på ein mobiltelefon som han trudde vill utløyse bilbomba. Men bomba var falsk, og bilen inneheldt ikkje sprengstoff. slik 19-åringen trudde.

FBI-agentar hadde infiltrert miljøet rundt mannen hadde sørga for at bomba var ubrukeleg.

Terror-kontakt

Føderale rettsdokument viser at FBI-operasjonen starta i juni i år etter at ein FBI-agent fekk oplysningar om at mannen som no er pågripen hadde vore i kontakt med ein person i den nordvestlege grenseprovinsen i Pakistan på E-post. Kontaktpersonen er mistenkt for å vere innblanda i terrorverksemd.

I E-post-utvekslinga mellom dei to vart det blant anna drøfta om 19-åringen kunne reise til Pakistan for å delta i heilag krig.

- Trusselen i Portland var reell. Etterforskinga viste at 19-åringenm absolutt var innstilt på å utføre eit angrep i veldig stor stil, seier Arthur Balizan frå FBI. Men han understrekar også at publikum under juletretenninga i Portland aldri var i fare.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: Al Qaida hevder å stå bak pakkebomber

LES OGSÅ: – Var trolig et terrorforsøk

LES OGSÅ: Times Square-tiltalt sa seg skyldig

LES OGSÅ: Tre arrestert i forbindelse med New York-bomben

SISTE NYTT

Siste nytt