Hopp til innhold

Mystisk stans i arbeidet på nordkoreansk rakettanlegg

Arbeidet på eit nordkoreansk anlegg som skulle utvikle større og meir langtrekkjande rakettar, har vore stansa i åtte månader.

Rakettanlegget Tonghae i Nord-Korea.

Arbeidet på rakettanlegget Tonghae i Nord-Korea har vore stansa i åtte månader.

Foto: Ap

Amerikanske og sørkoreanske styresmakter veit ikkje korleis dei skal tolke satellittbileta som nettstaden 38North har offentleggjort. Bileta viser at det ikkje er gjort noko på anlegget på lenge. Det veks gras opp gjennom betongen fleire stader og vegar inn til området er uferdige. Anlegget verkar heilt aude.

Dei nye satellittbileta av det nordkoreanske rakettutskytingsanlegget Tonghae i den nordaustlege delen av landet er tekne 26. mai i år av dei kommersielle selskapa DigitalGlobe og Astrium.

Uviss årsak

Kim Jong-un

Amerikanske ekspertar har vanskar med å tolke kva Kim Jong-un vil signalisere ved å stanse arbeidet på rakettanlegget Tonghae.

Foto: KCNA / Reuters

Nord-Korea-ekspertane ved John Hopkins School of Advanced International Studies, som står bak nettstaden 38 North, er i villreie om bakgrunnen for at arbeidet ved anlegget vart stansa.

Den mest optimistiske teorien er at Nord-Korea har gått bort frå planane om å byggje langtrekkjande rakettar som kan nå blant anna USA, eller i det minste at planane er stansa inntil vidare.

Dersom dette er rett er det snakk om ei politisk heilomvending frå nordkoreanske styresmakter. Det kan bety at landet ynskjer å kome i dialog med omverda for å få slutt på dei omfattande sanksjonane mot landet.

Nord-Korea har også opna for å starte opp igjen samarbeidet med Sør-Korea om industrisona Kaesong på grensa mellom dei to landa. Dei to koreanske statane har førebels ikkje greidd å bli samde om vilkåra for gjenopninga.

Hovudproblemet er å bli samde om kven som har skulda for at det felles industrianlegget vart stengt, melder nyheitsbyrået AFP.

LES OGSÅ: Nye raketter langs koreagrensen

LES OGSÅ: Nord-Korea ber om samtaler med USA

Rakettanlegget Tonghae i Nord-Korea.

Det er ikkje spor av aktivitet på rakettanlegget Tonghae i Nord-Korea.

Foto: Ap

– Store konsekvensar

Joel Wit er tidlegare tenestemann i det amerikanske utanriksdepartementet og no redaktør for 38North .

– Om det viser seg at Pyongyang no droppar arbeidet på dette anlegget, så kan det ha store konsekvensar for programmet for å byggje langtrekkjande rakettar som kan utstyrast med atomstridshovud, som starta i 2011, seier han til nyheitsbyrået AP.

Det var den ferske leiaren i Nord-Korea, Km Jong-un, som sjølv lanserte det nye rakettprogrammet i 2011. Amerikansk etterretning torer likevel ikkje å slå fast at det isolerte diktaturet på den nordlege delen av den koreanske halvøya har stansa rakettprogrammet sitt.

Nord-Korea har oppradert rakettene

Det er uklart kva som skjer med det nordkoreanske rakettprogrammet.

Foto: Uncredited / Ap

USA er livredd for at landet skal greie å utvikle rakettar som kan nå USA, i verste fall rakettar som kan frakte atomsprengladningar. Kim Jong-un har fleire gonger trua USA med «øydeleggjande angrep».

LES OGSÅ: Nord-Korea ber om samtaler med USA

LES OGSÅ: Nord-Korea ber om samtaler med USA

Sohae-anlegget

Ingen veit likevel sikkert kva årsaka til arbeidsstansen er. Ein teori er at dei militære mannskapa som arbeidde på rakettanlegget og utstyret dei brukte, vart flytta for å delta i gjenoppbygginga etter eit kraftig uver i landet i fjor. Men det forklarar ikkje kvifor arbeidet ikkje er teke opp att.

Dei amerikanske ekspertane ved John Hopkins-instituttet meiner det kan skuldast at nordkoreanske styresmakter har funne ut at det nye rakettanlegget Sohae på nordvestkysten likevel kan greie å utvikle dei nye langtrekkjande rakettane Kim Jong-un har bede om.

Spørsmålet er likevel: Kvifor starta Nord-Korea opp arbeidet på eit nytt gigantisk rakettanlegg, når dei likevel kan utvikle dei nye rakettane på eit anna anlegg?

Dei omstridde rakettoppskytingane i april og desember 2012 vart gjorde nettopp frå Sohae-anlegget på nordvestkysten.

LES OGSÅ: – Nord-Korea avfyrer nye kortdistanseraketter

LES OGSÅ: Nord-Korea trekker tilbake raketter fra utskytingssted

Tonghae-anlegget i Nord-Korea.

Oversiktsbilete av Tonghae-anlegget i Nord-Korea.

Foto: Ap

– Eitt år tilbake

Dei fleste ekspertar reknar med at Nord-Korea har greidd å utvikle atomvåpen, men at landet enno ikkje har greidd å utvikle rakettar som kan bere atomstridshovud.

Dei amerikanske ekspertane trur at stansen i arbeidet på det nye Tonghae-anlegget har sett Nord-Korea minst eitt år tilbake i arbeidet med å utvikle langtrekkjande rakettar som kan nå USA.

Trusselen frå Nord-Korea har fått USA til blant anna å vedta utplassering av våpen som kan skyte ned innkomande rakettar i Alaska, eit såkalla rakettskjold.

SISTE NYTT

Siste nytt