Hopp til innhold

Berga militærstøvlane til Stalin

Medan russiske jagarfly bomba den georgiske byen Gori, tenkte direktøren for det lokale stalinmuseet berre på ein ting. Å berge eignelutane til Stalin.

Stalin kulehol

Kulehol ved statua av Stalin i Gori sentrum

Foto: Dmitry Lovetsky / AP

- Eg var redd for at museet ville bli bomba, og tok difor taxi til det nasjonale museet i Tbilisi med dei viktigaste utstillingsgjenstandane. - Eg betalte for taxien sjølv, seier direktør for stalinmuseet, Robert Maglakelidze.

Gori, byen der Stalin vaks opp

Byen Gori har dei siste vekene blitt verdskjend som slagmarka der russiske og georgiske styrker fleire gongar barka saman i fem dagar med krig.

Den strategisk viktige byen ligg midt mellom den georgiske hovudstaden Tbilisi og utbrytarrepublikken Sør-Ossetia.

Men Gori er allereie berømt for noko heilt anna. Den er nemleg heimstaden til Josef Stalin. Her vart den frykta statsmannen fødd til fattige kår av ei liveiga kvinne i 1878, men vaks opp til å bli den allmektige leiaren av Sovjetunionen.

- Ei reise i Stalin sitt liv

Midt i Gori sentrum ligg museet til minne for Stalin. Her kan besøkande oppleve Stalin si klassereise. Heilt frå tida som revolusjonær kommunist, då han kjempa for å styrte tsaren, til generalsekretær av kommunistpartiet i Sovjetunionen.

Dei mest verdifulle gjenstandane i museet, er dei personlege eignelutane til Stalin. Utstilt står militærstøvlane hans, den velbrukte pipa, ein barberkost og ein pakke med sigarettar.

Gjenstandane står no trygt i nasjonalmuseet i Tbilisi. Men Maglakelidze håpar han rekk å bringe dei tilbake til museet opnar opp på nytt i september.

For museet har fått skadar på grunn av krigshandlingane. Fleire vindauge er knuste etter trykkbølgjene frå russiske bomber.

Stalin

Josef Stalin i sine velmaktsdagar.

Foto: AP

- Stalin framleis ein frykta mann

Men sjølv femti år etter Stalin sin død, ligg det framleis ein aura av ærefrykt over minnet hans.

Røvarbandar på plyndringstokt i kaoset etter krigen, har ikkje våga å rane stalinmuseet.

- Ingenting har blitt stole, og det på trass av at det ville vere den enklaste ting i verda å klatre inn gjennom dei knuste rutene, seier Maglakelidze.

- Russiske soldatar ville og vitje museet, men eg sa at det var stengt, og det respekterte dei, legg han til.

- Sjølvsagt er vi stolte over Stalin!

Stalin er skulda for å ha drepe millionar under "utrenskinga" av politiske motstandarar og for den brutale kollektiviseringa av jordbruket.

Men i Gori ser ikkje innbyggarane på Stalin som ein tyrann, men som ein modig statsmann som sigra over Nazistane under andre verdskrigen.

- Sjølvsagt er vi stolte av Stalin! Han var ein mann med store kvalitetar. Vi treng leiarar som Stalin i dag. Han hadde autoritet, seier innbyggar Naski Dasjvili.

- Berre samanlikn han med dagens leiarar som George W. Bush, eller den georgiske presidenten Mikhail Saakasjvili, legg han til.

- Trur ikkje på løgnaktige historikarar

Den stolte museumsdirektøren, Maglakelidze, tek sterk avstand frå russiske og vestlege historikarar som meiner Stalin var ein brutal leiar.

- Eg trur ikkje på løgnene om at Stalin undertrykte sitt eige folk. Ingen veit eigentleg kva person han var. Vi veit berre ein ting. Utan Stalin ville heile verda ha vore i hendene på Hitler. Dette er dei verkelege fakta, seier Maglakelidze.

Men den entusiastiske museumsdirektøren ynskjer likevel alle velkomne til å besøke museet, uansett kva dei tykkjer om Stalin.

- Folk kjem frå heile verda. Dei som elskar han, dei som hatar han og dei som berre er interesserte i å lære meir om Stalin.

SISTE NYTT

Siste nytt