NRK Meny
Normal

- Ville truleg styrte passasjerfly mot bakken

Ein mann greidde i sommar å bryte seg inn på ein flyplass i Utah i USA og stele eit passasjer fly. Sjå den dramatiske overvakingsvideoen her.

Dramatisk overvakingsvideo frå flyplassen St. Edwards i Utah i USA.

VIDEO: Stal passasjerfly frå nattestengd flyplass.

Det var 17. juli i år det skjedde, men først no har politiet offentleggjort overvakingsvideoen som fange opp det som skjedde. Politiet trur han ville styrte flyet mot bakken.

Stal passasjerfly på flyplass i Utah.

Her krasjar eine vengja på flyet inn i ein bygning.

Den tidlegare piloten Brian Hedglin var på flukt frå politiet, mistenkt for å ha teke livet av venninna si i delstaten Colorado. Han var godt kjend med tryggingssystema ved amerikanske flyplassar, og på natta då flyplassen var stengd, greidde han å kome seg ut på rullebana.

Han braut seg inn i eit parkert passasjerfly frå flyselskapet Delta, kom seg inn i cockpiten og starta opp. Planen hans var truleg å få flyet i lufta, men før han kom så langt kom eine vengja på flyet bort i ein bygning. Dette skadde flyet så pass mykje at det ikkje var mogleg å få det i lufta.

Hedglin køyrde flyet gjennom eit gjerde og inn på ein parkeringsplass, der det vart ståande. Då politiet kom til staden fann dei Brian Hedglin død etter å ha skote seg sjølv.

Kaptein James Van Fleet ved politiet i St. George i Utah seier det slik:

– Om han hadde greidd å kome i lufta, kven veit kva slags øydeleggingar vi kunne ha sett. Han hadde ikkje noko godt i sinne.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt