Hopp til innhold

Stal fly frå flyplassen i Seattle

Ein tilsett i eit flyselskap gjekk om bord i eit passasjerfly på den internasjonale flyplassen i Seattle, og tok av. Flyet styrta på ei øy etter kort tid.

Her flyr flyet over hustakene

Ifølgje amerikanske styresmakter var det ein tilsett i eit flyselskap som tok seg om bord eit passasjerfly på Seattle-Tacoma internasjonale flyplass. Politiet trur ikkje det er snakk om ei terrorhandling. Flyet tilhøyrde selskapet Alaska Air.

Flyet som blei stole frå Seattle-Tacoma internasjonale flyplass laurdag morgon, norsk tid, var eit Bombardier Q400 frå selskapet Alaska Air. Ifølgje flyplassen var det ein tilsett i eit flyselskap som tok flyet, og gjorde ein «uautorisert avgang».

Laster Twitter-innhold

Hendinga blei også stadfesta av flyselskapet som eigde flyet. Ifølgje Alaska Air er dette eit fly som blir brukt på kortare ruter, og har 76 seter. Det var underselskapet Horizon Air som brukte flyet. Alaska Air trur det ikkje var andre om bord i flyet enn personen som førte flyet.

Laster Twitter-innhold

Styrta like etter avgang

Kort tid etter avgang, blei det sendt opp F-15 jagarfly for å avskjere flyet. Det stolne flyet styrta nokre minutt seinare på ei øy utanfor Seattle. Tilstanden til piloten er førebels ikkje kjent. Jagarflya skal ikkje ha vore involvert i styrten.

Utrykning til flystyrt utenfor Seattle

Flyet styrta kort tid etter avgang på ei øy utanfor Seattle. Utrykkingskøyretøy og kystvakta kom raskt til staden der flyet skal ha landa.

Foto: Ted S. Warren / AP

Sheriff Paul Pastor i Pierce County seier ifølgje nyheitsbyrået Reuters at dei ikkje trur at dette er ei terrorhandling.

– Vi har ikkje informasjon som skulle tilseie det. Vi trur han har handla aleine, og truleg mista livet i styrten, seier sheriffen.

Stengde flyplassen

Hendinga førte til at fly blei ståande på rullebanen på flyplassen, og passasjerar måtte vente om bord etter landing. Ein av passasjerane som måtte vente var komikaren Quincy Carr, som var på veg til Seattle for å opptre på eit norsk cruiseskip.

Han seier til NBC News at dei måtte vente om lag ein time på rullebanen på grunn av hendinga.

– Eg kjente meg trygg fordi vi var på bakken, og ikkje i lufta der eitt eller anna hende. Men det var folk om bord som var redde.

Passasjerer venter på flyplass i Seattle

Mange passasjerar måtte vente i terminalen medan den internasjonale flyplassen i Seattle var stengt laurdag morgon, norsk tid.

Foto: BRENDAN MCDERMID / Reuters

Flyplassen opna igjen for trafikk etter ein times tid.

SISTE NYTT

Siste nytt