Det er 19 år sidan Hongkong vart ein del av Kina igjen, under parolen «eitt land – to system». Ut frå dette skulle Hongkong ha omfattande indre sjølvstyre, både politisk og økonomisk.
Den 25 år gamle økonomen Edward Leung er ein av grunnleggjarane av sjølvstenderørsla, som har fått uventa sterk støtte den siste tida. Han meiner at Beijing i realiteten ynskjer full kontroll over Hongkong, og at den fridomen folk her er vane med er i ferd med å bli borte.
Kardemomme-inspirasjon
Edward Leung drøymer om eit sjølvstendig Hongkong.
Foto: ANTHONY WALLACE / Afp– Eg drøymer om ein kosmopolitisk by og stat, ein stad der folk kan gjere det dei vil så lenge dei ikkje skadar andre, seier Leung til den britiske avisa
.Sjølvstende-rørsla var lite framme i lyset før dei arrangerte ein protestmarsj 5. august i år, etter at seks av leiarane deira vart nekta å delta i det komande valet, blant dei Edward Leung og Chan Ho-tin (25). Fleire tusen menneske deltok i marsjen.
Ei meiningsmåling gjort av Universitet i Hongkong viser at 17 prosent av innbyggjarane i den tidlegare kolonien støttar kravet om sjølvstende. I aldersgruppa frå 15 til 24 år er 40 prosent tilhengjarar av eit fritt Hongkong.
Chan Ho-tin er grunnleggjar av Hongkong National Party, ei av fleire grupperingar som kjempar for sjølvstende. Han er overraska over at så mange menneske deltok i demonstrasjonen.
– Fleirtal om fem år
– For to år sidan var sjølvstendetanken tabu. I dag er situasjonen heilt endra. I løpet av fem år vil det vere fleirtal for dette blant innbyggjarane i Hongkong, seier han til The Guardian.
Chan Ho-tin trur det vil vere fleirtal for eit sjølvstendig Hongkong i løpet av fem år.
Foto: TYRONE SIU / ReutersHan meiner at Hongkong framleis er ein koloni.
– Før 1997 var vi ein koloni under Storbritannia, no er vi ein koloni under Kina. Vi bør kutte bandet til Beijing tvert, slik at vi kan utvikle vårt eige demokrati og ha vår eiga regjering, seier han.
Demokratiforkjemparen Emily Lau, som i mange har vore ein skarp kritikar av Kinas politikk overfor Hongkong, seier at kravet om sjølvstende er heilt urealistisk. Ho meiner at politikken styresmaktene i Beijing fører overfor Hongkong, som fyrt opp under sjølvstenderørsla.
– Politisk fantasi
NRK møtte Emily Lau då ho vitja Oslo i samband med utdelinga av Nobels fredspris til Liu Xiaobo i 2010.
Foto: Bent TandstadHo seier at ho har åtvara kinesiske leiarar om at auka kinesisk undertrykking av Hongkong og meir utvatning av sjølvstyret, vil føre til eit stadig sterkare krav om sjølvstende.
Hongkong-bloggaren Suzanne Pepper seier at kravet om eit sjølvstendig Hongkong er ein politisk fantasi, som aldri kjem til å skje.
– Det er viktig at folk i Hongkong forstår kva som skjer. Beijing prøver å ta over. Dei prøver å innføre sitt politiske system til Hongkong, slik at det blir «eitt land og eitt system», og ikkje «eitt land og to system».
Kinesiske politikarar har ikkje vist særleg interesse for sjølvstende-rørsla, men avisa South China Morning Post, den største i Hongkong, har skildra rørsla som ein kreftsvulst som er i ferd med å spreie seg.