Hopp til innhold

Srebrenica: Festar når naboen sørgjer

SREBRENICA (NRK): Ei knapp mil frå gravplassen i Srebrenica er det fest med levande musikk.

Folk fester i gatene i Serbia

På serbisk side av grensa, berre 10 kilometer frå gravlunden var det i natt fest med utekonsert og grillmat. Kontrasten til Srebrenica kunne ikkje vore større.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Kiste bæres

Fredag vart 136 kister med drepne frakta til gravlunden. Dei skal bli heidra i dag av pårørande og internasjonale politikarar.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

NRK køyrde i natt over grensa til Serbia, i håp om å finne overnatting. Det er venta over femti tusen til 20-årsmarkeringa for Srebrenica-massakren i Bosnia, og alle hotell og herberg var fulle.

Men på den andre sida av elva Drina var det også mange folk. Det var fest. I landsbyen Ljubovija var det rockekonsert og grilling.

Ut av kvar ein kafe ljoma det såkalla turbofolk. Grillrøyken kan ein skjere med kniv. Dette skjer klokka 02 på natta. Gatene var fulle av feststemde folk.

Folk hadde kome langveisfra, og alle hotell var fulle, slik som i Srebrenica.

Flyktninger fra Srebrenica

Se NRKs reportasje frå 12. juli 1995.

Tilfeldig?

Kanskje er det heilt tilfeldig at ein serbisk landsby 10 kilometer frå Srebrenica arrangerer musikkfestival same helg som det er gravferd og minnestund i Srebrenica.

Men tidlegare har landsbyen arrangert regatta på elva Drina på denne datoen. I denne elva vart mange sivile drukna av bosniaserbiske styrkar.

Ved gravplassen i Srebrenica sit vener og familie på graset og minnest. Nokre gret. Alle som er her, har mista nokon dei har kjær.

Mista over ti familiemedlem

Sehida og andre

Sehida misste over 10 familiemedlemmer i krigen. Dei fleste i Stebrenica. No arbeider ho for å fremje rettane til dei mange enkene.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Sehida Abdurahmovic er leiar for ein av tre pårørandeorganisasjonar som arbeider for rettane til enkene av Srebrenica.

Ho miste mannen sin allereie i 1992. Arkan sine menn skaut han på ein politistasjon.

Den sterke kvinna troppa opp på politistasjonen og kravde å få liket utlevert. Det fekk ho.

Men Sehida skulle miste enda fleire kjære. Ti stykk berre i Srebrenica.

Framleis er ikkje bror hennar identifisert.

Aleksandar Vucic

Den kontroversielle serbiske statsministeren Aleksandar Vucic kjem for å signere kondolanseprotokollen. Seinare vart han møtt med pipekonsert og tilrop frå dei frammøtte.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Synest serbiske politikarar kan halde seg heime

Sehida er opprørd over at den serbiske statsministeren, Aleksandar Vučić, kom til seremonien.

– Han har ingenting her å gjere. Han er ein Chetnik, han var ein del av det politiske apparatet i Serbia som lét massakren skje.

Putin helt i nabobygda

På veg inn til minnesmerket køyrer NRK forbi fleire lyktestolpar der det er klistra opp plakatar av Vladimir Putin.

Nyleg blokkerte Russland eit forslag i FN-tryggingsrådet om å anerkjenne masseavrettingane i Srebrenica som folkemord.

Framleis har ikkje såra grodd etter krigen i Bosnia.

SISTE NYTT

Siste nytt