NRK Meny
Normal

Sprøyter gift inn i matvarer i tyske butikkar

Tysk politi meiner mannen på biletet har sprøyta dødeleg gift inn i matvarer, blant anna mat for småborn, i butikkar i det sørlege Tyskland. Han truar med å utvide verksemda til heile Tyskland og resten av Europa.

Mann etterlyst for forgifting av matvarer.

Politiet meiner det er denne mannen som har forgifta matvarer i fleire butikkar i det sørvestlege Tyskland.

Foto: Ho / AFP

Politiet i den sørtyske byen Konstanz, like ved grensa til Sveits, opplyser at dei har fått E-postar frå mannen, der han fortel at han har sprøyta gift inn i matvarer i fleire butikkar. Han truar med å gjere det same i butikkar over heile Tyskland og elles i Europa om han ikkje får utbetalt 11,7 millionar euro, over 100 millionar kroner.

Visepolitisjef Uwe Stürmer i Konstanz seier at dei har funne fem glas med barnemat som er tilsett etylenglykol , eit fargelaust stoff med søtleg lukt som blir brukt i frostvæske, og som kan vere livsfarleg å få i seg.

Tek trusselen på alvor

Hittil er det ikkje meldt om menneske som har fått i seg forgifta mat.

– Det er ingen grunn til panikk. Vi tek trusselen svært alvorleg, seier Stürmer. Han ber folk vere på vakt når dei handlar, og spesielt vere merksame på matvarer det ser ut som nokon har tukla med.

Styresmaktene i delstaten Baden-Württemberg seier dei har intensivert arbeidet med å undersøke matvarer i butikkar, men at det er eit vanskeleg arbeid.

– Det er vanskeleg, fordi utpressaren ikkje har sagt kva matvarer han går etter eller kva gift han brukar, seier ein tenestemann til nyheitsbyrået Reuters.

Etterlyst mann i Konstanz.

Politiet har fått inn svært mange tips etter at dei gjekk ut med desse bileta av mannen dei trur har sprøyta gift inn i matvarer i butikkar i Konstanz-området.

Foto: Ho / AFP

– Heilt utan skruplar

Den etterlyste mannen er rundt 50 år gammal, meiner politiet. Han er slank med eit smalt ansikt. Dei kallar han «heilt utan skruplar».

Mannen vart fanga opp av overvakingskamera inne på ein av butikkane i Konstanz-området, der han gjekk rundt med ei handlevogn. Politiet seier om mannen at det er viktig å få avhøyre han, for om mogleg kunne eliminere han frå etterforskinga.

Etter at politiet gjekk ut med bilete av mannen, har dei fått 650 tips frå publikum, opplyser politiet til DPA, Deutsche Presse Agentur. Politiet fryktar at mannen skal slå til igjen i løpet av helga, og dei ber folk nøye undersøke matvarene dei kjøper.

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt