Hopp til innhold

Sprikande teoriar om «Golden State Killer»: Slutta han eller skifta han taktikk?

Politiet har ikkje spor som knyter «Golden State Killer» til drap eller valdtekter etter 1986. Men det er stor tvil blant etterforskarane om han verkeleg stansa ugjerningane sine då, eller om berre skifta taktikk.

Joseph DeMaria i retten.

Joseph DeAngelo verka desorientert og sa lite då han vart framstilt for varetektsfengsling 27. april.

Foto: Justin Sullivan / AFP

I slutten av april vart den tidlegare politimannen Joseph DeAngelo (73) arrestert i heimen sin i bydelen Citrus Heights i Sacramento, hovudstaden i den amerikanske delstaten California.

DeAngelo vart mistenkt for å vere «The Golden State Killer» eller «East Area Rapist».

Det er det siste namnet som blir brukt i Sacramento, for då han herja som verst i nabolaga aust for sentrum på 1970- og 1980-talet, var det først og fremst brutale valdtekter han var kjent for. Over 50 i talet.

Politietterforskaren John Lopes,

Politietterforskaren John Lopes tek med seg mogleg bevismateriale ut frå huset til Joseph DeAngelo.

Foto: Rich Pedroncelli / AP

Seinare viste det seg at mannen også har stått bak minst 12 drap, både i Sacramento, i byane rundt San Francisco-bukta og i Los Angeles-området. Politiet er sikre på at DeAngelo er mannen dei har jakta på i over 40 år.

Etterforskarane spør seg no. Kvifor slutta han plutseleg i 1986? Eller gjorde han verkeleg det?

– Ikkje uvanleg

Kriminologen Jack Levin, som har jobba med fleire seriedrapsmenn, blant dei Charles Manson, seier til avisa Sacramento Bee at det ikkje er uvanleg at seriedrapsmenn berre sluttar.

– Det er ikkje umogleg at han bestemte seg for å slutte. Kanskje vart han lei drepinga, kanskje ville han slutte før han enda opp i fengsel og ei mogleg dødsstraff. Kanskje innsåg han at det ikkje var verd risikoen lenger, seier han.

Sheriff Scott Jones.

– No startar det verkeleg harde etterforskingsarbeidet, seier sheriff i Sacramento, Scott Jones.

Foto: Rich Pedroncelli / AP

Sheriff Scott Jones i Sacramento har etterforska saka i mange år. Han seier dei har prøvd å knyte drapsmannen og valdtektsmannen til liknande saker i åra etter 1986, men at dei aldri har lukkast i det.

– Det kan bety at han har gått over til ein annan type brotsverk. Det kan bety at han har endra sitt «modus operandi» (handlingsmønster) nok til at vi ikkje har greidd å knyte han til sakene, seier Scott Jones.

Han gjer det klart at det verkelege tøffe etterforskingsarbeidet i denne saka akkurat har starta.

No startar det mødesame arbeidet som skal skaffe fram endelege bevis for at Joseph DeAngelo verkeleg er «The Golden State Killer» og «East Area Rapist»

Joseph Michael DeAngelo.

Politiet er sikre på at den tidlegare politimannen Joseph DeAngelo er «The Golden State Killer» og «East Area Rapist».

Foto: Handout / AFP

– Vi har ingen grunn til å tru at han slutta då, men vi har heller ikkje nokon grunn til å tru at han ikkje gjorde det, seier sheriffen til Sacramento Bee.

«Golden State Killer» – politimann med perverst dobbeltliv

– Nytt utløp for lystene

Den pensjonerte FBI-etterforskaren Jeffrey Rinek er langt frå overbevist om at «The Golden State Killer» gav seg i 1986.

– Dersom han verkeleg slutta, så må han ha funne eit nytt utløp for lystene sine, seier Rinek. Han har erfaring frå at valdtektsmenn og drapsmenn kan få utløp for dette gjennom det som kan vere frivillige forhold.

Også Susan Kane, som har jobba tett opp mot mange sex-overgriparar, meiner det er sannsynleg at valdtektsmannen kan ha funne seg ein partnar, som har gitt han utløp for lystene.

Joseph DeAngelo var gift i perioden 1973 til 1991. Han er far til tre døtrer, og han budde saman med ei av dei og hennar dotter, då han vart arrestert.

Huset til Joseph DeAngelo.

I dette huset i bydelen Citrus Heights i Sacramento budde Joseph DeAngelo i mange år. Han vart arrestert her i slutten av april.

Foto: Justin Sullivan / AFP

Bydel prega av frykt

Det var i 1976 det starta i nabolaget Citrus Heights aust for sentrum i Sacramento. I løpet av nokre få veker vart denne fredelege bydelen, som var kjent for å vere ein god og trygg stad å bu, fullstendig endra.

Snart skulle bydelen bli prega av frykt og mistankar.

Chris Wicks, Sacramento.

Chris Wicks budde i Citrus Heights i Sacramento på den tida då «Golden State Killer» herja i området.

Foto: Privat

Ein mann braut seg inn om nettene og gjennomførte brutale valdtekter av kvinner, både gifte, einslege og mindreårige. Han mishandla ofte mennene og batt dei fast, før han valdtok kvinner i huset. Ingen kjende seg trygge.

Ein av dei som budde i Citrus Heights i denne perioden var Chris Wicks, ein mann i 60-åra med norske anar.

– Eg hugsar denne tida svært godt. Eg hadde akkurat kjøpt mitt første hus i Citrus Heights, og eg måtte forsterke låsane og ta andre forholdsreglar. Dette var før eg stifta familie. Kvinnene eg kjende i området var livredde. Dei passa på aldri å vere åleine heime om natta. Det var verkeleg som å leve under eit terrorregime, seier han til NRK.

Han er overraska over at ein tidlegare politimann er arrestert i saka, men meiner at det på ein måte også kan forklare ein del.

– Det kan vere ei forklaring på at han alltid greidde å halde seg eit skritt framfor etterforskarane. Men eg trur ingen den gongen hadde mistanke om at det kunne vere snakk om ein politimann, seier Chris Wicks. Han flytta frå bydelen etter nokre år.

Håper teknologien som felte «The Golden State Killer» skal avsløre Zodiac-drapsmannen

Brukte database for slektsgransking for å finne mulig seriedrapsmann

golden-state-killer

SISTE NYTT

Siste nytt