Hopp til innhold

Sprikande tal på omkomne etter gasseksplosjon

Ein talsmann for den nigerianske presidenten seier at fleire titals menneske omkom i gasseksplosjonen i Nnewi i går kveld. Ein lokal journalist seier at talet på omkomne er rundt 100.

nnewi nigeria

Eksplosjonen skal ha skjedd seint i går kveld ved eit gassanlegg i byen Nnewi i delstaten Anambra sør i Nigeria. Vitne fortel til nyheitsbyrået Reuters at ulukka skjedde då ein lastebil lossa butangass, samstundes som kundar fylte på gassflaskene sine.

Talet på omkomne har heile tida vore sterkt motstridande. Politiet heldt heilt til i føremiddag på 6–8 omkomne, medan fleire nyheitsbyrå melde rundt 100 i heile natt. Så vart tala nedjusterte, men i føremiddag seier altså ein lokal journalist på eksplosjonsstaden at talet på døde er rundt 100.

Presidentens kontor brukar altså fleire titals døde.

Store skadar

Gassanlegget vart fullstendig øydelagt, og fleire hus i nabolaget fekk store skadar, seier talsmann Peter Kachi i Røde Kors i Nigeria.

Både tilsette ved anlegget, naboar og forbipasserande skal vere blant dei omkomne. BBC melder at lokalt politi har stadfesta hendinga, men at dei ikkje har gitt utfyllande opplysningar.

Avisa Vanguard melder at overlevande er tekne til eit sjukehus i nærleiken. Eksplosjonen utløyste ein brann som hindra redningsarbeidarar i å kome inne på området. Det tok fleire timar å sløkkje brannen.

Mange sperra inne

Fleire hundre menneske skal ha vore innesperra på anleggsarbeidet då brannen herja som verst. Brannen er no sløkt i hovudanlegget, men i dag tidleg brann framleis i ein underjordisk tank.

Saka blir oppdatert

SISTE NYTT

Siste nytt