Den gyldne moskeen i Samarra er ein sjiamuslimsk heilagdom, som også vart kraftig øydelagt i eit angrep i 2006.
Dette er restane av ein av dei to minaretane som vart sprengde i dag.
Foto: DIA HAMID / AFPNo var moskeen nesten ferdig restaurert, og i dag ramma bombene igjen.
Det er uklart korleis minaretene vart sprengde, men lokale innbyggjarar fortel om harde kampar mellom politi og opprørarar før eksplosjonane.
Eit augevitne fortel til Reuters at moskeen har fått store skadar.
Angrepet mot moskeen i fjor vart starten på den store bølgja med religiøs uro mellom sjia- og sunnimuslimar i Irak, som førde lande ut i borgarkrig med fleire titusen drepne.
Ein irakisk regjeringstalsmann seier at meldinga om angrepet på moskeen er svært dårlege nyende for Irak.
Irakiske styresmakter har skulda Al Qaida for angrepet på moskeen i februar i fjor. Den gongen vart ikkje dei to minaretane øydelagde, men dei fall altså til jorda i dag.
Den gyldne moskeen i Samarra er ein av dei fire viktigaste heilagdomane for sjia-islam i Irak. Dei tre andre ligg i Najaf, Kerbala og Bagdad.
Arkivbilete av Den gyldne moskeen i Samarra. Dei var dei to tårna til høgre som vart sprengde i dag tidleg.
Foto: Joseph Krauss / AFP