Hopp til innhold

Sprengde seg sjølv utanfor moské

39 personar er drepne og meir enn 50 er skadde etter eit sjølvmordsangrep utanfor ein moské i Iran.

Video Sprengde seg sjølv utanfor moské

Sjå video: Kaos utanfor moské i Iran etter eksplosjonar.

Eksplosjonen skjedde framfor ein moské i byen Chabahar, søraust i Iran, ifølgje det statlege nyheitsbyrået IRNA.

Åtaket var retta mot pilegrimar som var samla på staden for å be under avslutninga av den sjiamuslimske høgtida Ashura.

Minst 39 er døde og fleire titals personar er skadde, seier parlamentarikaren Mohammad Yaqub Jadgal til nyheitsbyrået.

To pågripne

Statleg fjernsyn opplyser at tre sjølvmordsbombarar medverka i åtaket på plassen utanfor moskeen som hyllar martyren Imam Hossein.

– Ein mann kom gåande bort til ambulansar som tilhøyrer Raude Halvmåne og sprengde seg sjølv, seier Mahmoud Mozafar, ein talsperson for hjelpeorganisasjonen som tilsvarer Raudekrossen i dei fleste muslimske land

Ein person nummer to skal ikkje ha lukkast i å detonera sprengstoffet han hadde på kroppen, og blei såra av politiet. Den tredje vart arrestert utan skyting, ifølgje fjernsynsstasjonen.

Uroleg provins

Chabahar ligg i Sistan-Baluchestan, ein uroleg provins med ei stor
sunnibefolkning.

Den væpna sunnimuslimske gruppa Jundallah skriv på ei nettside at dei står bak åtaket.

Dei siste åra har Jundallah stått bak ei rekkje åtak i området.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt