NRK Meny
Normal

Sprengde seg sjølv under gravferd

Minst 34 menneske er drepne og over 45 såra etter at ein sjølvmordsbombar sprengde seg sjølv i lufta under ei gravferd i Pakistan.

Uro i Pakistan

I går tok ei bilbombe livet av 25 personar i den pakistanske byen Faisalabad. I dag vart nok eit titals personar drepne då ein sjølvmordsbombar slo til under ei gravferd i Peshawar.

Foto: AAMIR QURESHI / Afp

Sjølvmordsbombaren slo til mot eit gravfølgje for ein av toppleiarane i byen Peshawar, nordvest i Pakistan, melder nyheitsbyrået AFP.

– Personen bak åtaket blanda seg inn i mengda med sørgjande før han detonerte sprengstoffet som han hadde festa til kroppen, fortel ein talsmann for dei lokale styresmaktene til Reuters.

Fleire dødelege åtak

Ingen har førebels teke på seg skulda for åtaket, som kjem dagen etter at opprørarar eksploderte ei bilbombe ved ein gasstasjon i Faisalabad. 25 personar vart drepne og 125 såra i eksplosjonen.

Pakistansk Taliban, som forsøker å fjerna den USA-støtta regjeringa, har sagt at dei stod bak gårsdagens åtak.

Styresmaktene meiner hyppige militæroffensivar har svekka dei islamistiske opprørsgruppene i landet, men bilbomber tek framleis mange liv i Pakistan.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt