Hopp til innhold

Sprengde kvinner og born i lufta

I går kom meldinga om at talet på angrep i Irak har gått ned med 90 prosent sidan 2007. I dag vart 16 drepne i ein sjølvmordsaksjon i Bagdad.

Nytt blodig bombeangrep i Bagdad med 16 drepne.

Ambulansane køyrde i skytteltrafikk til sjukehusa etter bombeangrepet.

Foto: ADIL AL-KHAZALI / AP

Ei bilbombe eksploderte i bydelen Shaab, og minst 16 menneske vart drepne. Fire born og tre kvinner var blant dei drepne, opplyser ein talsmann for det irakiske innanriksdepartementet.

Minst 35 menneske vart såra i angrepet, blir det opplyst.

Shaab-bydelen har ei blanding av sjiamuslimske og og sunnimuslimske innbyggjarar.

Ned 90 pst.

Blodspora er tydelege i gata etter bombeangrepet.

Dei blodige spora etter angrepet er tydelege på åstaden.

Foto: Mohammed Ameen / REUTERS

Dette skjer dagen etter at amerikanske og irakiske militære fortalde at det aldri har vore så lite valdsbruk i Irak sidan august 2003. I forhold til august 2007 har valdsbruken gått ned med heile 90 prosent.

Likevel viste angrepet i dag, og fleire angrep dei siste par vekene, at opprørarane framleis er i stand til å spreie død og øydelegging. Og framgangsmåten er stort sett bombeangrep mot marknadsplassar og andre stader med mykje folk.

Saddam-regimet

Dei fleste angrepa blir utførde av folk som framleis er lojale til det gamle Saddam Hussein-regimet og av grupper som støttar det internasjonale terronettverket Al Qaida.

Så seint som måndag var det ein sjølvmordsaksjon mot eit kurdisk gravfølgje det sentrale Irak. Her vart 27 menneske drepne og minst 50 såra.

I 2007 vart 17 430 irakarar drepne i angrep. I fjor var talet 6772.

For to veker sidan sa ein talsmann for Det kvite hus at dei ikkje ser på reduksjonen i angrepa i landet som eit resultat av at president Barack Obama har gjort det klart at han vil trekkje ut størsteparten av dei amerikanske styrkane i landet innan august 2010.

Det er ikkje mykje igjen av bombebilen.

Dette er restane av bombebilen i Bagdad.

Foto: Mohammed Ameen / REUTERS

SISTE NYTT

Siste nytt