NRK Meny
Normal

Opprørarar sprengde historisk hotell i lufta

Opprørsgruppa Islamsk Front tek på seg ansvaret for bombeangrepet som la eit historisk hotell i Aleppo i Syria i ruinar i dag. Dei hevdar at minst 50 soldatar vart drepne i angrepet.

Video teken av opprørarar av sprenginga av hotellet i Aleppo.

VIDEO: Sjå sprenginga av hotellet her.

Islamsk Front er den største opprørsgruppa i Syria. Dei greidde truleg å grave fleire tunnelar under hotellet, der dei detonerte store mengder sprengstoff.

Det historiske Carlton Citadel Hotel, som ligg midt i gamlebyen i Aleppo, vart brukt som base av syriske regjeringsstyrkar. Hotellet vart fullstendig øydelagt i angrepet, melder syrisk fjernsyn.

– Akkurat som rotter

Historisk hotell sprengt i Aleppo.

Opprørarane plasserte sprengstoff i tunnelar under Carlton-hotellet i gamlebyen i Aleppo.

Foto: - / Afp

Korkje syrisk fjernsyn eller andre nyheitsmedium har sagt noko om talet på drepne og såra. Opprørarane seier at minst 50 regjeringssoldatar vart drepne i angrepet, medan eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights seier at talet på drepne er minst 14.

Syrisk fjernsyn sende direkte frå bomberuinane i ettermiddag, og reporteren samanlikna opprørarane med rotter.

– Dei nyttar seg av tunnelar, akkurat som rotter, fordi dei ikkje torer å møte den syriske hæren, sa han blant anna. Han sa også at folk i området opplevde eksplosjonen som eit kraftig jordskjelv.

Angrepet mot Carlton Citadel Hotel i Aleppo er eit alvorleg nederlag for den syriske hæren, midt i sigersrusen over at opprørarane har gitt opp gamlebyen i Homs.

Opprørarar forlèt Homs

Syriske regjeringssoldatar inntek Homs.

Jublande syriske regjeringssoldatar jublar etter å ha gått inn i gamlebyen i Homs.

Foto: YOUSSEF KARWASHAN / Afp

Sidan onsdag har over 900 opprørarar forlate gamlebyen i Homs, etter å ha inngått ein avtale om fritt leide med regjeringsstyrkane. Dette blir sett på som eit stort nederlag for opprørarane. Det var i Homs demonstrasjonane mot regjeringa starta for over tre år sidan, og byen har vore rekna for å vere «revolusjonens hovudstad».

Fleire av dei flyktande opprørssoldatane uttrykte overfor journalistar på staden både sorg og bitre kjensler. – Verda har svikta oss, sa ein dei før han steig om bord i bussen som skulle frakte han til eit anna opprørskontrollert område.

Så å seie heile Homs har tidlegare vore under opprørarane sin kontroll, men det siste året har byen vore kringsett av regjeringsstyrkane. Det har ført til matmangel og stor sosial naud.

Historisk hotell sprengt i Aleppo.

Carlton Citadel Hotel og fleire nabobygningar i Aleppo vart sprengde i lufta av opprørarar torsdag.

Foto: GEORGE OURFALIAN / Reuters

Gamlebyen i ruinar

Dei fleste bygningane i gamlebyen er øydelagde.

Dei fleste bygningane i gamlebyen i Homs er meir eller mindre øydelagde.

Foto: RIM HADDAD / Afp

Mesteparten av gamlebyen ligg no i ruinar. Fleire bygningar er jamna med jorda, medan andre har øydelagde fasadar etter angrep med granatar og rakettar. Det er knapt ein einaste uskadd bygning igjen i gamlebyen.

Avtalen om evakueringa frå Aleppo er den første som er inngått mellom regjeringsstyrkane og opprørarane. islamsk Front, som stod bak sprenginga av hotellet i Aleppo i dag, var blant gruppene som forhandla fram avtalen.

Avtalen om Homs inneber også at 30 syriske soldatar og 40 kvinner og born, som vart bortførte av opprørarar i Latakia i fjor, også blir sette fri. Opprørarane har også gått med på å sleppe inn naudhjelp til to kringsette, mindre byar i Aleppo-provinsen.

Guvernøren i Homs, Talal al-Barazi.

Guvernøren i Homs-provinsen, Talal al-Barazi, seier at dei siste opprørssoldatane vil vere ute av Homs i løpet av torsdag.

Foto: - / Afp

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt