Hopp til innhold

Spent før folkeavrøysting i Latvia

I dag skal den latviske befolkninga bestemme om russisk skal få status som offisielt språk i landet. Folkeavrøystinga vekkjer svært sterke kjensler i befolkninga.

Collage latvia riga russland

SPLITTA: Dei russisktalande i Latvia vil at russisk skal bli eit offisielt språk i landet.

Foto: Air Baltic / Wikipedia

Dei russisktalande seier det handlar om menneskerettar. Dei får ikkje statsborgarskap om dei ikkje kan latvisk.

Latviarane på si side seier det handlar om Latvia sitt sjølvstende, og at det ikkje er aktuelt med russisk som offisielt språk.

Iveta Grigule

IVETA GRIGULE: Parlamentsmedlemet er bekymra over situasjonen.

Foto: Jan Espen Kruse / NRK

Gamlebyen i Riga

RIGA: I Latvia sin hovudstad er over halvparten av befolkninga russisktalande.

Foto: Air Baltic
– Denne konflikten har vart i 20 år. Me har ikkje klart å skape ein dialog med den russisktalande befolkninga.

– Dette er kritisk for stabiliteten i landet, seier parlamentsmedlem Iveta Grigule til NRK.

Språkkonflikten

Dei fleste latviarar kan russisk frå då ein måtte lære det på skulen under den sovjetiske okkupasjonen, men fleire og fleire unge latviarar vel heller engelsk og tysk som framandspråk på skulen i dag.

Det finst latviarar som nektar å snakke russisk av prinsipp sjølv om dei kan det, og det finst russisktalande som svarar "Eg snakkar ikkje latvisk" på klinkande klart latvisk.

Det underliggjande problemet er at det er lite kontakt mellom dei russisktalande og etniske latviarar.

Dei russisktalande går på eigne skular og barnehagar. Mange bur i eigne bydelar, og dei er i fleirtal i visse delar av landet. Dei les eigne aviser, ser på eigne TV-kanalar og går til ein russisk tannlege om dei har tannverk.

Dermed er motsetningane i ferd med å bli større og større i det vesle landet med berre 2,3 millionar innbyggjarar. Berre 60 prosent av befolkninga er etnisk latviske. Dei russisktalande utgjer litt over ein tredel. Ein tredel av desse igjen har ikkje latvisk statsborgarskap og kan dermed ikkje røyste i folkeavrøystinga.

Vanskeleg historie

Etter frigjeringa av Latvia, vart dei sovjetiske passa dregne inn. For å få det latviske passet må ein blant anna gjennomføre ein språktest. Difor er mange russisktalande statslause i dag.

– Eg er ikkje latvisk statsborgar. Eg vil ikkje bli tvungen til å lære meg latvisk. Det er ikkje alle latviarar som kjenner Latvia si historie og nasjonalsong, men det krev dei av oss for å bli latviske statsborgarar, seier Igor Krystalov, ein russisktalande mann, til NRK.

Mange er så gamle at det er vanskeleg for dei å lære eit nytt språk. Motivasjonen er heller ikkje stor, når dei bur i russisktalande samfunn og klarar seg fint med å kunne berre russisk.

Under okkupasjonen oppfordra Sovjetunionen russarar til å busetje seg i Latvia for å tippe den etniske balansen i sin favør.

Svært mange latviarar vart sendt til Sibir og døydde der. Dette har latviarane enno friskt i minne og dei undrar seg «Kvar ligg eigentleg lojaliteten til dei russisktalande, hos Latvia eller Russland?»

Har ikkje sjanse

Ei spørjeundersøking gjort for den latviske TV-kanalen LNT, viser at 61 prosent av dei spurte skal stemme mot forslaget om russisk som offisielt språk. 25 prosent seier dei skal stemme for. 7 prosent skal ikkje stemme, og like mange har ikkje bestemt seg, to dagar før avrøystinga.

Elmira Jefimova

ELMIRA JEFIMOVA: Har ikkje statsborgarskap fordi ho ikkje klarte språktesten.

Foto: Jan Espen Kruse / NRK

Dei russisktalane har med andre ord små sjansar for å vinne. Men den symbolske verdien av folkeavrøystinga er stor.

– Staten har ikkje bruk for oss. Men det er vårt land også og me er glade i det. Det er sårande å vere overflødig, seier Elmira Jefimova.

Ho prøvde å ta språkeksamen for å få latvisk statsborgarskap, men klarte det ikkje. Så mista ho jobben sin fordi nokon klaga på at ho ikkje kan latvisk godt nok.

(Saka held fram under videoen)

NETT-TV: Sjå historia til Elmira Jefimova

Video Språkstrid i Latvia

NETT-TV: Språkstrid i Latvia

Trur Russland står bak

Folkeavrøystinga er eit initiativ frå det pro-russiske partiet «Saskanas Centrs». Dette partiet var den store vinnaren under det førre parlamentsvalet i 2011 med 28 prosent av røystene, men vart ikkje tekne med i regjering.

Som ein reaksjon fremja partiet eit forslag i parlamentet om å gjere russisk til offisielt språk, noko som vart nedstemt. Dei starta ei underskriftskampanje som fekk nok underskrifter til at myndigheitene må halde folkeavrøysting om spørsmålet.

Valdis Dombrovskis

MOT: Statsminister i Latvia, Valdis Dombrovskis, er mot russisk som offisielt språk.

Foto: Jan Espen Kruse / NRK

– Det russiskspråklege partiet som fremja forslaget samarbeider med partiet til Vladimir Putin, «Det forente Russland», seier statsministeren i Latvia, Valdis Dombrovskis.

Få dagar før folkeavrøystinga var russiske opposisjonelle, blant anna Valeriya Novodvorskaya, i Latvia for å tale mot russisk som offisielt språk.

Dei meiner det er russiske myndigheiter som står bak folkeavstemminga og at dei gjer det for å prøve å destabilisere Latvia.

Russland ser enno på Latvia og dei andre tidlegare sovjetstatane som si «interessesfære».

– Me og koalisjonspartnarane våre har allereie oppfordra alle latviske statsborgarar til å møte opp og stemme mot dette initiativet, seier den latviske statsministeren.

Etnisk politikk

Dei politiske aksane i Latvia er ikkje ordna på ein høgre til venstre skala. Ein er enten pro-russisk eller pro-latvisk, og stemmer i fylgje dette.

Tradisjonelt er pro-latviske parti på høgresida og pro-russiske på venstresida. Dette kan forklarast med at latviarane etter frigjeringa såg mot Vesten og kapitalismen som eit alternativ til sin gamle okkupant, medan russarane ser til Russland som sin næraste allierte.

Kanskje for seint

For å lette på spenninga som har bygd seg opp over lang tid mellom dei to folkegruppene, har det latviske Kunnskapsdepartementet lansert ein plan som skal betre integrering i landet.

Mange latviske politikarar innser no at dei har sove på vakt, og at tiltak for å betre forholdet mellom latviarar og russisktalande burde ha kome for lenge sidan. No kan det vere for seint.

I den nest største byen i Latvia, Daugavpils, som er ein smeltedigel av ulike etnisitetar, finst teikn på at den nye generasjonen av latviske innbyggjarar kanskje ikkje har eit like anstrengt forhold til kvarandre.

Den unge studenten Valdis seier til LNT:

– Familien min er av ulike etnisitetar og eg ser ikkje på det som noko problem. Eg kan tre-fire språk, som eg kan bruke på dagleg basis.

– Eg har ikkje tenkt å kjempe for nokon av desse språka, men skal fortsetje å ha latvisk som det «næraste» språket mitt, fordi eg trass alt bur i Latvia, seier han på latvisk med russisk aksent.

SISTE NYTT

Siste nytt