Hopp til innhold

Spionprogram funne i telefonane til polske regimekritikarar

Spionprogramvara Pegasus som er utvikla av israelske NSO Group, er funne i mobiltelefonane til to regimekritikarar i Polen.

Fasade på bygning med teksten NSO Group

Eit spionprogram utvikla av israelske NSO Group er funne i telefonane til to regimekritikarar i Polen, ein advokat og ein statsadvokat.

Foto: Sebastian Scheiner / AP

Programvara er funnen i telefonen til advokaten Roman Giertych som før valet i 2019 representerte to av Polen sine fremste opposisjonspolitikarar; tidlegare statsminister Donald Tusk og tidlegare utanriksminister Radek Sikorski.

Pegasus-programvare er òg funnen i telefonen til den polske statsadvokaten Ewa Wrzosek, som har leidd an i kritikken av den polske regjeringa sitt angrep mot sjølvstendet til rettsvesenet i landet.

Vil ikkje svare

Ein talsmann for den polske tryggingstenesta, Stanislaw Zaryn, vil ikkje svare på spørsmål om polske styresmakter er å finne på kundelista til NSO Group.

– Påstandar om at polske tenester nyttar operative metodar i politisk øyemed, er urettmessige, ifølgje Zaryn.

Få timar før Zaryn svarte skriftleg på spørsmål frå AP om saka, bad påtalemakta i landet om arrestordre på Giertych, truleg i samband med etterforsking av økonomisk kriminalitet.

Advokaten kallar skuldingane for absurde.

Kjøpte programvare

Den uavhengige polske kringkastaren TVN avdekte i 2019 at polsk økokrim hadde kjøpt spionprogramvare til bruk i telefonar for 8 millionar dollar, men det er ikkje kjent frå kven.

Pegasus-programvara er tidlegare funnen på telefonane til politiske leiarar, regimekritikarar, menneskerettsaktivistar, advokatar, journalistar og andre verda over.

USA har sett NSO Group på si svarteliste, og selskapet er òg saksøkt av IT-giganten Apple.

NSO Group nektar for å ha gjort noko gale og hevdar programvara berre er seld til land for bruk i bekjemping av terror og kriminalitet.

SISTE NYTT

Siste nytt