Korrespondentbrev

Koreas Nelson Mandela: Spionen som ofra heile livet for eitt Korea

Kamphandlingane i den brutale Koreakrigen varte i tre år, men partane er teknisk sett framleis i krig. For nokre soldatar held fram kampen heilt inn i deira siste leveår. Dette er historia om ein som ofra det meste for sameining og eitt Korea.

Yang Wan-jin

SPION: Yang Won-jin er blitt 89 år gamal, og har brukt nesten heile livet på å kjempa for eitt Korea.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Dei kallar han Koreas Nelson Mandela. Ein 89 år gamal gråhåra mann med stokk. Ein fridomskjempar.

Namnet er Yang Won-jin. Fødd ein septemberdag i 1929 i Cholla-provinsen, sør for den bitre grensa som splitter Korea. Heilt frå ungdomstida har Yang vore sikker i si sak. Han kjempar ikkje for regimet i Sør, men for det i Nord.

Som Nelson Mandela har han vore fengsla store delar av livet for eit større mål. For Yang sin del, eit fritt og sjølvstendig Korea.

Det har kosta han dyrt.

Vaske-ekte spion

Det er første gong eg møter ein vaskeekte spion. Som spionar flest ser han ikkje ut som noko anna enn ein heilt vanleg mann, men å vera moldvarp blant sine eigne krev utvilsamt personlege sider dei fleste av oss ikkje har.

Folk i vesten vil fnysa av at Yang blir samanlikna med heidersmannen Nelson Mandela. Det er heller ikkje mi hensikt å gi Yang korkje medaljar eller slik ære. Det som interesserer meg er dei menneskelege sidene av ein krig som aldri tok slutt.

Det finst nok av avhopparar som skildrar eit regime som knuser all opposisjon, om arbeidsleirar og andre grufulle metodar for straff. For ein del år tilbake, intervjua eg ein avhoppar som hadde levd på rotter, i mangel på anna mat.

Men så finst det altså også andre historier. Om folk som lengtar heim. Ein av dei er altså Yang Wonjin. Spionen som sit i ein djup og sliten sofa, og fortel meg om eit liv som kunne ha vore heilt annleis. Om det ikkje var for krigen, og dei utanlandske kreftene som blanda seg inn i Korea sin lagnad.

Revolusjonær

Det sterkaste kapittelet i historia til Yang, handlar om familie og svik. Han vurderte å drepa si eiga søster.

Men motivasjonen til å bli spion kan, ifølgje Yang, sporast langt tilbake i tid. Tilbake til barndommen.

Av ulike grunnar budde han som liten rundt omkring hos fleire slektningar. Familien var ganske rik. Onkelen hadde ei god stilling i byggebransjen og hadde godt med pengar, men det kom ikkje ungguten til gode.

Yang måtte gå til skulen utan det han trong av bøker, sjølv om slektningane absolutt hadde råd til å hjelpa han. Ofte blei Yang straffa for små ting. Han fekk lite til overs for godt utdanna og rike folk.

Ifølgje Yang gjorde desse vonde erfaringane han til ein revolusjonær.

Dessutan var det for Yang heilt tilfeldig at han blei fødd på den sida av grensa som no heiter Sør-Korea. Då han kom til verda var det ikkje to, men eitt Korea. Det var likevel ikkje fritt, men okkupert av Japan.

Japansk uniform

Det var ikkje berre koreanarane som ville fjerna den japanske okkupasjonsmakta. USA og Sovjetunionen engasjerte seg i dette oppdraget på kvar sin kant av landet. Like etter Japans tap i andre verdskrig, vart landa i all hast samde om å dra ei ganske tilfeldig linje på tvers av den koreanske halvøya.

Yang var seksten år på tampen av Japans okkupasjon. Han blei tvungen til å bæra japansk uniform i eit halvt år til Japan blei jaga på dør.

Yang var allereie då del av ei undergrunnsrørsle av kommunistar i den sørlege delen av Korea. På denne tida var kommunismen sterkare i sør enn i nord, og delar av denne rørsla hadde drive geriljakrig mot japanarane.

Koreanarane trudde dei endeleg skulle bli fri for framande makter, men då USA gjorde Arbeidarpartiet i sør ulovleg var løpet lagt for Yang. Dette var for han teikn på meir imperialisme.

Då dei nordkoreanske styrkane tok seg inn i Seoul i 1950, blei Yang deira soldat. Han meinte at berre Arbeidarpartiet kunne sameina eit Korea fritt for utanlandske krefter.

Etter eit par dragkampar blei dei nordkoreanske styrkane tvungne tilbake.

Lydklipp: Det er lenge siden Korea var én suveren stat. Korea-krigen brøt ut i 1950, og pågår fremdeles, sjøl om det er såkalt våpenhvile. Her hører du både den amerikanske presidenten Harry Truman, den norske generalsekretæren for FN, Trygve Lie og Norges statsminister, Einar Gerhardsen, i radio anno 1950.
Historien om konflikten mellom Nord-Korea og Sør-Korea går tilbake til de første åra etter andre verdenskrig. Det startet med den kalde krigen (politisk isfront mellom supermaktene USA og Sovjetunionen).
Korea var i utgangspunktet ett land, men Sovjetunionen grep inn og tok Nord-Korea som sitt interesseområde, mens USA tok kontroll i Sør-Korea.

Utmerka seg

Yang drog over fjella og inn i Nord-Korea, der han fekk militær trening og utmerka seg som ein dyktig radiomann. Med Kina og Sovjetunionen på laget i Nord og USA i sør, blei krigen brutal. Krigen bar med seg forferdelege handlingar frå alle partar, men Yang gløymer aldri bomberegnet frå USA.

Han kom heilskinna frå det, sjølv om 635.000 tonn bomber, og 32.557 tonn brannbomber blei sleppte over nord.

Koreakrigen

USA i Korea: Soldatar frå det 24. infanteriregiment i den amerikanske hæren på veg til stridssonene 18. juli 1950.

Foto: NATIONAL ARCHIVES / AFP

I ein periode reiste Yang fram og tilbake over grensa til sør, som agent og spion. Ein gong var det nære på at han blei tatt, for då han skulle henta eit par kollegaer i Sør var politiet allereie på møteplassen. Han slapp unna.

Då han, tretti år gamal, etablerte seg som spion i Seoul i 1959, fann han ut at brørne ikkje lenger var i live, og at faren var blitt drepen i Korea-krigen.

Søstera dreiv i fabrikk som produserte alkohol, med pengane frå deira felles farsarv.

Yang trong pengar til sitt livsopphald i Sør og ville ha sin del. Han stolte på søstera, for ho støtta også den nordkoreanske rørsla. Han fekk husrom hos tanta, og bad søstera møta han der.

Det skulle han ikkje ha gjort, for ho varsla politiet.

Løgner

Først tenkte han å ta livet av seg sjølv og søstera med ein pistol, men så ombestemte han seg. Ei slik hending ville berre gi sørkoreanske medium grunn til å framstilla det nordkoreanske regimet som umenneskeleg. Dessutan ville huset til tanta bli fullt av blod, og det ville han ikkje. Og, han ønskte å sjå mor si i live.

I visse om at han risikerte dødsstraff om han ikkje overgav seg, valte han livet.

Yang møtte søstera igjen då han blei avhøyrt av politiet.

Først tenkte han at søstera var uroleg for sin eigen tryggleik. Deretter tenkte han at ho var uroleg for han, og om ho let Yang halda fram med spionverksemda, så risikerte han å bli drepen.

Etter at han overgav seg, laug han om at eit nordkoreansk skip skulle koma til Sør-Korea for å henta spionar. Det var faktisk få skip som kom frå Nord-Korea på den tida, men merkverdig nok kom det eit skip derifrå den dagen. Difor trudde dei at Yang hadde gitt dei riktig informasjon. Han slapp ut.

Spionen flytta inn i huset til søstera, og heldt fram med å rapportera til Nord-Korea derifrå. Vendepunktet kom då han gifta seg, for då han vende heim frå bryllaupsreisa stod politiet på trappa og venta på han.

Tysta

Yang har mistanke om at det var mannen til søstera som denne gongen hadde tysta. Ein gong var han nemleg blitt oppdaga av svogeren då han brann spionmateriale. Etter at Yang blei tatt, drog politiet til søstera sitt hus. Der fann dei utstyret han brukte til å rapportera til Nord.

Yang blei fengsla i 29 og eit halvt år. Då han slapp ut av fengsel klandra alle slektningane søstera for å ha tysta på sin eigen bror. Difor flytta Yang inn saman med henne, for at ho skulle vinna tilbake rykte sitt. Etter det endra slektningane sitt syn på henne.

Yang fekk aldri besøk, men fengselssjefen fekk eit godt inntrykk av han. Derfor ringde fengselssjefen til søstera, og fortalde henne at han ville setja spionen fri.

Seinare fekk Yang vita at søstera hadde åtvara mot å sleppa han ut av fengsel, fordi han då ville hamna i trøbbel igjen, og at det difor var betre å halda han på innsida.

Det var ein plass under bakken der nordkoreanske spionar som hadde overgitt seg, avhøyrde spionar som nyleg var blitt tatt til fange. Yang fekk tilbod om å vera med på det, men det nekta han. Det ville ha gjort han til ein amerikansk undersått, eller som han seier det, hunden til amerikanarane. Han ville ikkje svikta den koreanske nasjonen.

Den første gongen han slapp ut av fengsel trefte han mor si. Den andre gongen han slapp ut var det for seint. Ho døydde eitt år tidlegare.

Yang Won-jin

PROTEST: Yang Won-jin demonstrerer i Seoul, saman med nordkoreanarar, og sørkoreanske menneskerettsaktivistar. Dei protesterer mot fengsling av det dei meiner er samvitsfangar, og den sørkoreanske lova som nektar dei å reise til Nord-Korea.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Sørkoreanar

Før Yang blei sett fri hadde han berre hatt mellombelse og falske papir, men då han slapp ut blei han sørkoreansk statsborgar, fordi det var i Sør han blei fødd. Hjarta hans er likevel i Nord.

Yang, og andre koreanarar som har vore fengsla i fleire tiår i sør, blir av nordkoreanske sympatisørar kalla samvitsfangar, alias Nelson Mandela.

Yang aksepterer heller ikkje no det sørkoreanske regimet, fordi han meiner det framleis er under sterk amerikansk påverknad.

Eitt sameina Korea er ikkje blitt ein realitet. Kva meiner Yang no om kva innsatsen har kosta han?

Jo, det var verdt det.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt