Hopp til innhold

Spicers ferske bok: Rosar Trump, kritiserer media

– Vi vil aldri sjå ein kandidat som Donald Trump igjen, meiner Sean Spicer. Donald Trump sin tidlegare pressetalsmann malar eit nokså roseraudt bilete av den amerikanske presidenten i si nye bok.

Senate 2018 Massachusetts

OMDISKUTERT: Sean Spicer var ein til tider kontroversiell pressetalsmann på Det kvite hus under det første halvåret Donald Trump var president.

Foto: Charlie Neibergall / AP

– Trump er ein einhjørning som rid ein einhjørning over ein regnboge.

Dette er ein av fleire kryptiske karakteristikkar Spicer nyttar om Trump i si ferske bok «The Briefing: Politics, the Press, and the President».

Spicer hausta mykje kritikk i rolla som pressetalsmann for Det kvite hus frå Donald Trump vart sett inn som president på nyåret 2017 og fram til han gjekk av 21. juli same år.

Det var derfor knytt mykje spenning til kva Spicer ville skrive i si nye bok.

USA-TRUMP/SPICER-BOOK

Sean Spicer si bok The Briefing: Politics, the Press, and the President» kom ut i natt norsk tid.

Foto: SHANNON STAPLETON / Reuters

– Temperamentsfull og karismatisk

Og ifølgje nyheitsbyrået AP kjem ikkje Spicer sin tidlegare sjef Donald Trump så dårleg ut av det. Dei skriv at Trump blir skildra «roseraudt, men somme tider torna».

– Trump er temperamentsfull og karismatisk, men også uberekneleg. Han er i stand til å slå alle, inkludert seg sjølv, skriv Spicer i boka.

Han meiner også at vi aldri vil få sjå ein presidentkandidat som Donald Trump igjen.

– I valkampen kryssa Trump linja. Han hoppa over linja – og dansa glatt fram og tilbake over linja. Men han betalte aldri prisen nokon annan kandidat ville ha betalt, skriv Spicer ifølgje AP.

– Starten på slutten

Den 46 år gamle republikanaren vart for alvor verdskjent under sin første pressekonferanse som pressesekretær. Spicer prøvde nemleg å nekte på at det var færre som møtte opp utanfor Det kvite hus då Donald Trump vart innsett som president enn tilfellet var ved Barack Obama sin seremoni åtte år tidlegare.

– I ettertid ser eg at eg burde ha senka temperaturen og ikkje stilt så store spørsmål ved media sine motiv. Min første pressekonferanse var ein uheldig start for ei krigsførande presse konfrontert med ein like krigsførande pressesekretær, skriv Spicer.

Han trudde han gjorde det president Donald Trump forventa av han på pressekonferansen. Men Spicer innsåg ikkje lenge etterpå at han hadde gjort eit elendig førsteinntrykk.

– Det viste seg å bli starten på slutten, meiner Spicer i dag.

Trump

Sean Spicer kallar Donald Trump sine Twitter-meldingar for eit tviegga sverd. På sitt beste meiner han meldingane er veldig gode, men andre gonger øydelegg presidenten for seg sjølv.

Foto: Alex Brandon / AP

– Meldingane er tviegga sverd

I boka, som vart presentert i natt norsk tid, verkar han ofte frustrert. Det gjaldt både misnøye mot media, Trump-kampanjen og seinare administrasjonen hans.

Spicer kallar forholdet sitt til media for «radioaktivt». Han likar ikkje den såkalla harde flokkmentaliteten deira.

Donald Trump sin bruk av Twitter blir omtala som eit tviegga sverd.

– Nokre gonger bryt han ned opposisjonen sine meiningar. Andre gonger øydelegg han sine eigne beste meiningar, skriv Spicer.

SISTE NYTT

Siste nytt