Hopp til innhold

Assad-regimet varslar stor-offensiv i millionbyar

– Det kan bli ei forferdeleg helg i Syria med mange sivile tap, seier kommandørkaptein Per Christian Gundersen. Regjeringsstyrkane førebur no soldatar og våpen på å knusa opprørarane i dei største byane.

Opprørarane tok i dag over politistasjonen i byen Aleppo i Syria.

Opprørarane tok torsdag kontrollen over politistasjonen i den største byen i Syria, Aleppo. Presidenten har kalla in massive forsterkningar til ein storoffensiv for å ta tilbake byen med 3 millionar innbyggjarar.

Det bur nær 3 millionar menneske i Aleppo, som er den mest folkerike byen og den økonomiske hovudstaden i Syria. I hovudstaden Damaskus bur det 2,5 millionar.

Den siste veka har det vore intense kampar i begge storbyane, utan at regimet har klart å få full kontroll. No varslar styresmaktene ein stor-offensiv i både Aleppo og Damaskus. Målet er å knusa opposisjonen og ta tilbake kontrollen ein gong for alle.

– Spesialstyrkar har torsdag nådd fram til utkantstrok av Aleppo, og førebur seg på ein mot-offensiv fredag eller laurdag, seier ei anonym kjelde frå regjeringsstyrkane til nyheitsbyrået AFP.

«Alle krigars mor»

Per Christian Gundersen

– Det er ein velkjend geriljataktikk å flytta striden inn i tettbygde område, seier kommandørkaptein Per Christian Gundersen ved Forsvarets høgskole.

Foto: Privat

Samstundes åtvarar regime-lojale syriske medieaktørar om at «alle krigars mor» er like rundt hjørnet.

– Det blir ein strid i to tettbygde bykjernar og nærliggande område, blant millionar av sivile. Kampane vil bli utkjempa frå gate til gate og frå bydel til bydel, seier kommandørkaptein Per Christian Gundersen ved Forsvarets høgskole.

Ei massiv opptrapping av konflikten i urbane strok vil kunne få fatale følgjer for tredjepart.

– Å evakuera ein millionby er så og seia umogleg. Dei som ikkje kjem seg ut i tide, vil få store utfordringar med å unnsleppa. Grusomheitene held fram. Dette kan bli ei forferdeleg helg med masse sivile tap, seier kommandørkapteinen.

Typisk geriljataktikk

Opprørsstyrkane har tidlegare heldt seg i mellomstore byar som Homs og Hama.

– Det kan sjå ut til at dei no kjenner seg sterke nok til å fortsetja striden i storbyane. At dei faktisk har klart å flytta kampane inn i Aleppo og Damaskus, er også eit styrketeikn.

For det er primært opprørarane som dreg fordelar av slike slag, midt i millionbyar. fortel Gundersen.

– Det er ein velkjend geriljataktikk å flytta striden inn i tettbygde område. På opne område har ikkje opprørsstyrkane sjanse til å vinna mot hæren til regimet, legg han til.

Gundersen ramsar opp fleire grunnar til det:

  • Opprørarane har ikkje store tilgangen på tyngre våpen. Dei manglar større formasjonar med artilleri, stridsvogner, helikopter, og må bruka lettare våpen som handvåpen og rakettkastarar mot tung skyts frå motstandaren.
  • Det er fleire gøymestader i bykjernane enn i ope terreng.
  • Det er lettare å setja opp hinder slik at tunge våpen ikkje har den same effekten.
  • Det blir problematisk for konvensjonelle regjeringsstyrkane å operera i trange område. Dei får utfordringar med å manøvrera stridvogner og kamphelikopter.
Familiar flyktar før det varsla slaget i Aleppo, Syria

Mange familiar flykta torsdag frå heimane sine i Aleppo, før det varsla slaget.

Foto: BULENT KILIC / Afp

Høg kampmoral, men lite våpen

Mange stridsvogner og andre militære køyretøy er trekte ut frå kampar andre stader i landet for å bistå forsterkningane til Assad-regimet, som no nærmar seg Aleppo med stormskritt.

Opprørssoldatane i området stålset seg for øyeblikket for det som kan bli eit svært brutalt slag. Også dei har kalla inn forsterkningar, og samlar inn det dei greier å få tak i av inn ammunisjon og medisinsk utstyr.

Kampmoralen blant opprørarane er framleis høg, men dei manglar våpen, rapporterer ein fransk journalist som er i området til BBC.

Regimet gjenerobrar i Damaskus

I hovudstaden er krigen allereie eit faktum.

Førre veke blei regimet hardt råka då ein livvakt sprengde seg sjølv i lufta ved eit toppmøte ved hovudkvarteret til den syriske tryggingstenesta i Damaskus.

Hovudstaden har ein sterk symbolverdi for regimet, og den dødelege eksplosjonen blir omtala som eit massivt psykologisk åtak mot regimet.

Etter ei veke med kraftige kampar i Damaskus, melder no begge partar om at regimet har vunne tilbake mesteparten av bydelane hovudstaden.

Likevel fortset krigføringa. Å halda fortet i Damaskus, har ein viktig symbolsk verdi for den syriske presidentenen. Innbyggjarane melde torsdag om tett granat-hagl og tungt artilleri, kamphelikopter og jet-fly.

Fem born skal vera blant dei 16 drepne i Damaskus torsdag.

SISTE NYTT

Siste nytt