Hopp til innhold

Spesialetterforskar skal granske dokumentfunna på eigedommen og kontoret til Biden

Det er utnemnt spesialetterforskar til saka kring dokumentfunna på bustaden og kontoret til president Joe Biden. Presidenten tek dette svært alvorleg, seier kontoret hans.

U.S. President Biden returns to the White House in Washington

OVERRASKA: Den amerikanske presidenten seier han ikkje veit kva dei hemmelegstempla dokumenta inneheld.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters

Justisministeren i USA har utnemnt ein spesialetterforskar etter funn av hemmelege dokument på Joe Biden sin eigedom i Wilmington, Delaware. Det melder AFP.

Det er det andre partiet med slike dokument som er funne, denne gongen i eit lagerrom i garasjen hans, ifølge New York Times.

Dokumenta er dei same som blei omtala av NBC News onsdag, bekreftar Det kvite huset.

Ifølge Bidens spesialrådgivar Richard Sauber er det snakk om eit «lite tal» arkivmateriale som er hemmelegstempla.

It's Classified

Penn Biden Center husar det tidlegare kontoret til president Joe Biden, der potensielt graderte dokument blei funne i det som skal ha vore eit låst skap.

Foto: Manuel Balce Ceneta / AP

Dette er andre gongen på tre dagar at medhjelparane til Biden melder om dokument på avvege.

Ytterlegare 12 blei nemleg oppdaga i eit «låst skap» på Penn Biden Center i haust, skriv nyheitsbyrået Ap. Dei blei gjort kjende på måndag.

Det kvite huset heldt eit pressemøte torsdag kveld. Talsperson Karine Jean-Pierre blei hardt pressa om kva dokumenta inneheldt, men ville ikkje gå i detalj.

– Vi prøver å gjere dette etter boka, kommenterte ho.

– Dette er no i hendene til justisdepartementet.

Under møtet blei det sagt fleire gonger at presidenten var overraska over funnet av dokumenta.

– Han tek dette svært alvorleg, sa Karine Jean-Pierre, og sa at presidenten ville samarbeide under etterforskinga.

NRK har stilt fire spørsmål til USA-ekspertane Erik Løkke og Jennifer Leigh Bailey om korleis dei tolkar det som har skjedd.

Kva blir konsekvensane av dei nye funna?

Løkke, som er rådgivar i tankesmia Civita, meiner det uansett vil vere skadeleg for Demokratane at fleire graderte dokument har hamna på avvegar på deira vakt.

– Spørsmålet er berre kor skadeleg det kjem til å bli. Det er uansvarleg av Joe Biden og hans administrasjon. Så må ein vite meir om kva som har skjedd. Er det eit såkalla ærleg feiltak, altså reelt slurv, eller er det noko meir alvorleg, altså medvitne unndragingar som har skjedd her? Det veit vi ikkje, og det må vi finne ut.

Eirik Løkke, rådgiver i Civita.

Eirik Løkke er USA-kjennar og rådgivar i tankesmia Civita.

Foto: Tobias Prosch Simonsen

Riksadvokat Merrick Garland rådfører seg no med det amerikanske justisdepartementet, for å bestemme om Biden skal bli tileigna ein spesialetterforskar.

Løkke meiner det vil vere ein stor fordel for Biden og hans politikk, dersom han får ein uavhengig etterforskar som også er utnemnt av Trump til å gå igjennom bakgrunnen for og årsaka til det som har skjedd.

Likevel meiner han at dei to funna seier noko om Biden si emne til å vere president i det heile.

– Eg meiner det er nok eit argument for at Biden ikkje bør stille på nytt. Han har blitt over 80 år, og når han seier at han er forundra over at det var graderte dokument der, og at det er funne nye graderte dokument, så kan ein jo også lure på om alderen til Joe Biden også spelar inn her, altså at han ikkje hugsar godt nok.

– Meiner du at presidenten held på å bli gløymsk?

– På gruppenivå, altså berre generelt når ein blir 80 år, så blir dei kognitive ferdigheitene svekka, sjølv om det sjølvsagt er individuelle forskjellar. Ein kan gjere sine eigne tankar om det. Eg synest også generelt at alderen pregar Biden meir no enn tidlegare, som ikkje er noko rart. Er ein 80 år, så har ein etter mi meining lite å gjere i Det kvite huset.

Biden

Biden fylte 80 år i november. Aldri før har ein president i USA hatt så mange lys på bursdagskaka.

Foto: Andrew Harnik / AP

Korleis skal ein tolke reaksjonen i det republikanske partiet?

Funna har tent ei ny lunte blant Republikanarane, spesielt hos tidlegare president Donald Trump, som tidlegare i veka skreiv på sin eigne sosiale medieplattform Truth Social:

– Når kjem FBI til å ransake dei mange heimane til Joe Biden, kanskje til og med Det kvite huset? Desse dokumenta var definitivt ikkje avgraderte.

Trump blir sjølv etterforska for å ha teke vare på dokument som skulle vore innelåste i nasjonalarkivet etter at presidentperioden var over.

Amerikanske Jennifer Leigh Bailey, som er professor i statsvitskap på NTNU, har fylgt nøye med på Twitter etter at nyheita blei kjent.

Det er ikkje den beste tida for reflektert debatt i USA, seier ho lattermildt.

Jennifer Leigh Bailey

Jennifer Leigh Bailey seier medlemmene i det republikanske partiet no har fått blod på tann.

Foto: NTNU

– Klimaet no er at Republikanarane har blod på tann, og dei skal bruke alt mogleg for å bruke dette vidare. Dei meiner at dette viser at Biden er like ille som Hilary.

I staden for å ta opp funna på Trump si personlege adresse i Mar-a-Lago, Florida, seier Leigh Bailey at fleire Republikanarar trekk linjer til e-post-skandalen kring Hillary Clinton i 2016.

– Sjølv om Hilary har vore etterforska i mange år og ingenting har kome ut av det, tek dei det stadig opp i dag, og seier at verken ho eller Biden er i stand til å behandle viktig informasjon.

Uansett om dei nye dokumentfunna blir rekna som alvorlege eller ikkje, meiner ho at dei «svekker truverdet til Demokratane».

– Det er lett å ta noko ut av konteksten og seie «det høyrest veldig gale ut!» Og det gjer det, ein skal halde hemmelege dokument hemmeleg, og ein skal ta det svært alvorleg. Men kor uvanleg er det, kor grovt er brotet? Det manglar vi kontekst for å vite.

-

Biden sine motstandarar koplar funnet av graderte dokument til e-post-skandalen til Hillary Clinton, seier Leigh-Bailey.

Foto: MARK MAKELA / AFP

Kan ein samanlikne med funnet av graderte dokument i Mar-a-Lago?

Dersom justisdepartementet i USA utnemner ein spesialetterforskar som skal undersøke Biden, blir prosessen i så fall lik den som blei starta om Trump etter funnet i Mar-a-Lago.

Leigh Bailey meiner likevel ein skal vere forsiktig med å samanlikne dei to tilfella.

– Det er eit kvantesprang frå det Trump har gjort, synest eg, ut ifrå det eg forstår i dag, seier ho.

– Justisdepartementet seier at dei to sakene skal bli vurderte kvar for seg. Offisielt skal den eine ikkje påverke den andre, men det er klart at det påverkar situasjonen politisk. Det set Demokratane litt i forsvarsposisjon, og dei må streve for å vise korleis dei to situasjonane er annleis frå kvarandre.

Dokumenter som skal ha blitt rekvirert av FBI i Donald Trumps hjem i Mar-a-Lago i august ligger strødd utover et teppe.

Nokre av dokumenta som FBI rekvirerte frå Trump sin heim i Florida.

Foto: JOSE ROMERO / AFP

Også Løkke seier at skilnadane mellom desse tilfella ser ut til å vere vesentleg.

– Det som er tilfelle med Trump-dokumenta er jo at Donald Trump tok med seg vesentlege mengder med gradert informasjon. Altså, berre talet på dokument er mykje større enn dei knytte til Biden. Trump og hans advokatar har loge til styresmaktene og til nasjonalarkivet.

– Biden og hans team, derimot, har samarbeida med styresmaktene heile vegen. Det var dei som avdekka det her, varsla nasjonalarkivet med ein gong, har gitt tilbake dokumentasjonen. Så berre der er det veldig, veldig store forskjellar.

Korleis kjem dette til å påverke den politiske spliden i USA?

– Dette er såkalla «whatabout-isme» servert på eit sølvfat. Veljarar flest kjem ikkje til å gå veldig inn i realiteten. Dei kjem til å få med seg at ok, det er graderte dokument i begge tilfelle. Sjå så stygt dei behandlar Trump, og sjå så snille dei er med Biden.

Ifølge Løkke vil dette bli trekt fram som endå eit eksempel på korleis styresmaktene, FBI og staten i USA er rigga mot det Republikanske partiet.

A Picture and its Story: Protests, rallies and two impeachments: Trump's presidency in photographs

Eirik Løkke meiner at funnet av desse graderte dokumenta er «gåvepakke til Donald Trump». Biletet er frå eit valmøte i 2020.

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters

Han meiner også at avdekkinga av graderte dokument som Biden er ansvarleg for er ein «gåvepakke til Donald Trump».

– I ytste fall så kan det også vere dette som nærast reddar den politiske karrieren til Trump. Det er klart at det no blir vanskelegare for justisdepartementet og justisminister Merrick Garland å køyre vidare med etterforskinga av dokumenta i Mar-a-Lago.

– Eg er usikker på om Garland kjem til å ta omsyn til det, men det er klart at det politiske spelet, korleis dette ser ut, gjer det vanskelegare å straffeforfølge den tidlegare presidenten.

SISTE NYTT

Siste nytt