Hopp til innhold

Spent situasjon i Svartehavet

Russisk general reagerer på at NATO har marineøving i Svartehavet.

Missilkryssaren Moskva

Missilkryssaren Moskva ankrar opp ved den russiske marinebasen i ukrainske Sevastopol. Russiskvennlege ukrainarar har troppa opp for å ta i mot flaggskipet til den russiske svartehavsflåten.

Foto: VASILY BATANOV / AFP

Både Russland og NATO har dei siste vekene auka aktiviteten i Svartehavet. Og på land hardnar ordkrigen til.

Russisk general er uroa over høg NATO- aktivitet

Den russiske generalen Anatoli Nogovitsin, seier han er bekymra for det han kallar eit ”ekstremt” aktivitetsnivå frå NATO si side i Svartehavet.

- Berre i går sigla ni NATO-skip i Svartehavet og ytterlegare åtte er på veg, seier Nogovitsin til nyhendebyrået AFP.

Dei snakkar om øving, og det er kanskje sant, men det er vanskeleg å tru at alle skipa driv med humanitær hjelp, seier Nogovitsin.

NATO har marineøving

NATO vedgår at dei har auka aktivitet i Svartehavet, men seier at dette er grunna ei marineøving som har vore planlagt i lengre tid.

- Russland er informert om at den bulgarske og rumenske marinen er vertar for ei marineøving i Svartehavet, seier kontreadmiral Juan Rodriguez.

Han legg til at øvinga ikkje på nokon måte er knytte til konflikten i Georgia.

- Desse skipa vil ikkje delta i den humanitære hjelpeaksjonen til Georgia, seier Rodriguez.

Marinefartøya som tilhøyrer NATO si maritime gruppe nummer 1, er stasjonerte i den rumenske hamnebyen Constanta fram til slutten av månaden. Spanske, polske, tyske og amerikanske marinefartøy deltek i øvinga.

Russland skuldar USA for å levere våpen

USS McFaul

Det amerikanske krigsskipet USS McFaul ankrar opp utanfor den georgiske hamnebyen Batumi. Men det er usikkert om skipet får lov til å legge til kai i Poti.

Foto: UMIT BEKTAS / REUTERS

Men marineøvinga kjem på eit tidspunkt då det er auka spenning i Svartehavet. Det er framleis usikkert om amerikanske marinefartøy får lov til å legge til kai i den georgiske hamnebyen Poti, som er kontrollert av russiske styrker.

USA seier krigsskipa ikkje er på militært oppdrag. Dei skal berre levere humanitær hjelp. Amerikanske krigsskip har allereie landa i den mindre hamnebyen Batumi.

Men den russiske presidenten Dmitrij Medvedev, skuldar dei amerikanske marinefartøya for å ha uredelege hensikter. Nemleg å forsyne Georgia med våpen.

- Det er ingen blokade av Poti, alle skip kan komme seg inn, amerikanske og andre som har med seg humanitær hjelp, seier Medvedev i eit intervju med BBC.

- Men det amerikanarane kallar humanitær hjelp, er sjølvsagt våpenforsyningar, legg han til.

USA nekter på at dei leverer våpen

Men USA har avvist skuldingane som grunnlause.

- Vi ventar oss at framkomsten til Poti og distribueringa av humanitær hjelp vil gå smertefritt, seier talsmann i Det kvite huset, Bryan Whitman.

Det amerikanske krigsskipet USS McFaul er venta i Poti på onsdag og fleire er på veg.

SISTE NYTT

Siste nytt