Dermed er den mest ettersøkte mannen i Irak teken av dage. Han står truleg bak mange av dei mest blodige angrepa, også mot sivile, i Irak dei siste åra.
Her er ein del sentrale datoar og årstal i livet til den jordanskfødde opprørsleiaren.
Amerikanske styresmakter har frigitt dette biletet av den døde Abu Musab Al Zarqawi.
Oktober 1966
Fødd i Zarqa i Jordan under namnet Ahmed Fadhil Al Khalayleh.
1984-1986
Avtener militærteneste i Jordan.
1987
Sonar ei kortare straff i eit jordansk fengsel for valdsbruk.
1989
Reiser til Afghanistan og sluttar seg til ei islamistisk gruppe som har kjempa mot den sovjetiske invasjonshæren. Han kjem til Afghanistan etter at Sovjet har trekt seg ut, men deltek i kamphandlingar mellom ulike afghanske fraksjonar.
1989-1993
Oppheld seg i hovudsak i Afghanistan, der han deltek i militær trening.
1993
Al Zarqawi reiser tilbake til heimbyen Zarqa i Jordan, der han startar oppbyggninga av ei militant islamistisk gruppe.
1994
Jordanske tryggingsstyrkar knuser den militante islamistiske gruppa han har bygd opp, Bayt Al Imam. Zarqawi blir dømd til 15 år i fengsel.
1999
Blir sett fri frå fengsel i samband med eit amnesti som kong Abdullah innfører like etter at han tok over som konge. Han reiser til Afghanistan via Pakistan, der han går inn i ei gruppe tilhøyrande Al Qaida-nettverket.
2000
Han byggjer opp sin eigen Al Qaida-treningsleir like utanfor byen Herat i det vestlege Afghanistan.
Desember 2001
Flyktar til Iran etter den amerikanske invasjonen i Afghanistan.
April 2002
Reiser frå Iran til Irak
Februar 2003
Zarkawi blir internasjonal kjent etter at USAS utanriksminister COllin Powell, i forkant av invasjonen av Irak, kallar han ein av Osama bin Laden sine medarbeidarar.
Februar 2004
Amerikanske styresmakter seier dei har konfiskert ein datadisk som inneheld brev der Zarqawi tek på seg ansvaret for 25 angrep i Irak, og der det blir skissert planar for korleis skape borgarkrig mellom sunnimusimar og sjiamuslimar i landet.
April 2004
Blir dømd til døden in absentia i Jordan for medverknad til drapet på den amerikanske diplomaten Laurence Foley i Amman i oktober 2002.
Juli 2004
Amerikanske styresmakter aukar prisen på Zarqawi sitt hovud til 25 millionar dollar, rundt 165 millionar kroner.
Januar 2005
Erklærer "bitter krig" mot demokratiseringsprosessen i Irak og mot parlamentsvalet i landet. Greier likevel ikkje å hindre at valdeltakinga vart god.
Februar 2005
Amerikanske styrkar nær ved å ta Zarqawi til fange i det vestlege Irak, men han kom seg unna etter ei biljakt. Amerikanarane seier dei tok beslag i den berbare datamaskinen hans, og at dei arresterte ein rådgjevar og ein sjåfør.
24. mai 2005
Al Qaida i Irak melder på ei internettside at Zarqawi er skadd i kamp.
23. november 2005
Al Qaida i Irak avviser meldingar i media om at Zarqawi er drepen av amerikanske styrkar.
18. desember 2005
Ein jordansk tryggingsdomstol dømmer Zarqawi til døden in absentia igjen.
28. desember 2005
Interpol, det internasjonale samarbeidsorganet for politiet, etterlyser Zarqawi over heile verda med ein internasjonal arrestordre.
15. februar 2006
Ein jordansk domstol dømmer igjen Zarqawi til døden in absentia.
25. april 2006
Zarqawi står fram i ein video der han kallar den nye irakiske regjeringa for ei amerikansk marionettregjering.
8. april 2006
Al Qaida stadfestar at Abu Musab Al Zarqawi er drepen.