Sparka etter oljekatastrofen

Barack Obama har sparka Elizabeth «Liz» Birnbaum frå jobben som sjef for MMS, det offentlege organet som har ansvaret for oljeutvinning i USA, melder AP.

Elizabeth Birnbaum har fått sparken av Barack Obama.

Elizabeth Birnbaum har fått sparken av president Barack Obama.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / Afp

Organet, U.S. Minerals Management Service (MMS), har måtta tole knallhard kritikk for å ikkje ha hatt oversikt over oljeaktiviteten til havs. Organet, som har same ansvarsområde som det norske Oljedirektoratet, ligg under det amerikanske innanriksdepartementet.

LES OGSÅ: - Steng det forbanna hullet

LES OGSÅ: Medieskapt hysteri?

Sjef sidan juli

Elizabeth Birnbaum har leidd organet sidan juli i fjor. Ho blir sparka frå jobben etter det store oljeutsleppet i Mexico-golfen, som fleire ekspertar seier er det verste i amerikansk historie. Til og med verre enn Exxon Valdez-katastrofen i Alaska i mars 1989.

Samstundes varslar amerikanske meteorologar at orkansesongen i år kan bli den verste på mange år. Det kan føre meir olje nærmare det amerikanske fastlandet og gjere arbeidet med å stanse utsleppet vanskelegare.

President Barack Obama har vidareført borreforbodet på amerikansk sokkel med nye seks månader-

Politikarar og miljøgrupper har skulda MMS for manglande regelverk og kontroll, som kunne ha hindra katastrofen i Mexicogolfen.

Innanriksminister Ken Salazar stadfestar overfor nyheitsbyrået Reuters at Birnbaum har gått av, og han seier at ho har vore ei dyktig offentleg tenestekvinne.

LES OGSÅ: Kan ha klart å stoppe lekkasjen

LES OGSÅ: – Operasjonen går som planlagt

19.000 fat dagleg

Amerikanske styresmakter opplyser at det har strøymt ut 19.000 fat olje kvar dag frå den øydelagde brønnen i Mexicogolfen. Oljeselskapet BP har tidlegare sagt at det har leke ut 5000 fat olje for dag.

BP understrekar at tala deira er eit estimat, og at det er umogleg å slå fast kor mykje olje som har leke ut etter at oljebrønnen sprang lekk 22. april i år.

Store mengder råolje truar strendene på sørkysten av USA, og det vil få store konsekvensar for både næringslivet og for miljøet.

LES OGSÅ: Fiskebåter tilbakekalt i Louisiana etter sykdom

LES OGSÅ: – Stormer kan forverre olje- katastrofen i Mexicogolfen

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt