Hopp til innhold

Spår bodkrig om sjeldant fossil-egg

Eit svært sjeldant og intakt fossil-egg skal under hammaren i London. Egget kjem frå den største fuglen som har spankulert på jorda - den utrydda elefantfuglen.

Eit svært sjeldant og intakt fossil-egg skal under hammaren i London. Egget kjem frå den største fuglen som har spankulert på jorda - den no utrydda elefantfuglen.

Det er funne få elefantfugleegg. Av dei som er oppdaga, er det få som er i så god behald som dette eksemplaret. I april går det til høgstbydande.

Det unike kjempeegget måler 21 centimeter i diameter og er 30 centimeter høgt. Dermed er det 100 gonger større enn eit hønseegg. Med denne storleiken slår elefantfuglen også egga som dinosaurane la i si tid.

Den 24. april skal det eldgamle fossilegget auksjonerast vekk til høgstbydande på auksjonshuset Christies på Londons vestkant.

Trur på over 200.000

Det er venta at egget vil gå under hammaren for opp mot 30.000 britiske pund - om lag 260.000 kroner.

Det beige, ovale fossilet med ru overflate vart truleg grove ut ein gong seint på 1800-talet eller tidleg på 1900-talet. Det har vore i privat eige hjå ein samlar sør i Frankrike dei siste 80 åra.

– Egget vil vera av stor interesse for kuratorar rundt om i verda. Forutan å vekkja nyfikenheita, er det eit vakkert naturhistorisk objekt, som ein skulptur, seier James Hyslop ved avdelinga for reise, vitskap og naturhistorie hjå Christies under ei presseframvising av egget.

(Saka held fram under biletet)

Egg frå elefantfuglen

Elefantfuglane la større egg enn dinosaurane. Fossilet som no skal på auksjon, er sjeldant godt bevart.

Foto: JUSTIN TALLIS / Afp

Opptil tre meter høge

Elefantfuglane (Aepyornithidae) var gruppe med strutsefuglar som levde på Madagaskar utanfor Afrikakysten, fram til dei blei utrydda ein gong mellom det 13. og 17.århundre.

Desse kjempestrutsane var dei største fuglane som nokon gong har sprada rundt på jorda. Dei kunne bli opptil tre meter høge og vog nærmare 500 kilo.

Forskarane trur gigantfuglane blei utrydda som følgje av menneskeleg aktivitet. Eitt einaste egg kunne til dømes metta ein heil familie, ifølgje BBC.

Sjeldant godt bevart

Men nokre egg slapp unna middagsmenyen til menneskja, og har fått liggja i fred i hundrevis av år.

Bein frå Dodofuglen på auksjon

Eit anna auksjonsobjekt som skal under klubba 24. april er dette beinet frå Dodo-fuglen. Ifølgje auksjonshuset blei beinet funne under utrgravingar på Mauritius i 1865.

Foto: JUSTIN TALLIS / Afp

Ifølgje auksjonshuset er det eit heilt unikt egg dei no skal finna ein kjøpar til. Det er funne få elefantfugleegg i utgangspunktet. Av dei som er oppdaga, er det få som er i så god behald.

– Det er veldig sjeldant at ein finn eit som er så heilt. Å få sjå eit eksemplar som er så intakt er ei stor oppleving, seier Hyslop ved Christies.

På den same auksjonen er det også mogleg å kjøpa eit om lag ti centimeter langt bein frå den utdøydde Dodo-fuglen.

Dodoen heldt til på Mauritius, men blei utrydda på slutten av 1600-talet - truleg av svoltne sjømenn.

SISTE NYTT

Siste nytt