Hopp til innhold

Spania sender tilbake flyktningar

Spanske styresmakter vil sende tilbake 1000 afrikanske flyktningar denne månaden.

Afrikanske flyktningar i hamnebyen Los Cristianos på Tenerife.
Foto: DESIREE MARTIN / AFP

750 afrikanarar har allereie blitt sendt tilbake til heimlandet sitt, fortel innanriksministeren Alfredo Rubalcaba.

Med dette ynskjer Spania å sende eit klart signal til menneskesmuglarar om at landet ikkje finn seg i ulovleg innvandring.

Styresmaktene seier alle ulovlege innvandrarar vil bli sendt tilbake.

Klar melding til mafiaen

Flyktningane har blitt sendt tilbake til Senegal, Guinea Bissau, Mauritania og Marokko.

Dei fleste er senegalesarar som vart tekne sist veke då dei forsøkte å komme i land på Kanariøyene.

- Dette er ei klar melding til mafiaen: Dersom du kjem til Spania ulovleg, er det mest trulege resultatet at du vert send tilbake til det landet du kom ifrå, sa Rubalcaba.

Båtpatruljering innstilt

Så langt i år har det kome færre flyktningar enn på same tid i fjor, grunna dårleg vêr og båtpatruljering. 

Men i løpet av tre mai- dagar kom 650 afrikanarar i land på Kanariøyene.

Frontex, som er den Europeiske Unionen si verksemd for grensekontroll, har patruljert mellom dei spanske øyane og vest- kysten av Afrika.

Sist månad vart desse patruljeringane innstilt.

Det er venta at båtpatruljeringane vil starte opp igjen i løpet av nokre veker. Frontex ventar på utstyr, mellom anna fly, helikopter og båtar.

30 000 i fjor

Innvandring har ført til at den spanske befolkninga har auka med over ein tidel siste ti åra.

I fjor kom over 30 000 afrikanarar i til Kanariøyene. Dei fleste kjem i overfyllte, opne båtar frå vest- Afrika.

Mange av flyktningane døyr under overfarten.

Dei spanske styresmaktene meiner at afrikanarar som er desperate etter å få jobb i Europa, får hjelp av organiserte menneskehandlarar.

Amnesti 

Statsminister Jose Luis Zapatero ga amnesti til rundt 600 000 ulovlege innvandrarar i 2005. 

Denne helga uttalte han derimot at dei som kjem til landet på ulovleg vis vil møte "ei jernhand med silkehanske". 

Spanias statsminister Jose Luis Rodriguez Zapatero.
Foto: ALVARO BARRIENTOS / AP

Aktuelt tema

27. mai er det regionale val i Spania. 

Meiningsmålingar viser at innvandring er noko av det veljarane er mest opptekne av.

Ingen av dei store partia i Spania vil redusere lovleg innvandring, som først og fremst kjem frå Latin- Amerika, Marokko og Aust- Europa. 

SISTE NYTT

Siste nytt