Hopp til innhold

Spania kan lage krøll for brexit

Spania krev vetorett over det framtidige forholdet mellom EU og Gibraltar, og trugar med å avvise brexitavtala om desse endingane ikkje blir gjort.

Gibraltar

På Gibraltar ønskte 96 prosent at Storbritannia skulle halde på EU-medlemskapet. Økonomien på Gibraltar er avhengig av fri flyt over grensa til Spania.

Foto: Jorge Guerrero / AFP

Den spanske utanriksministeren Josep Borrell sa måndag at Spania ikkje kom til å støtte avtala med mindre dei fekk forsikringar om at den ikkje kom til å omfatte Gibraltar.

Ifølgje avtaleutkastet som ligg på bordet, er det EU og Storbritannia som skal bli samde om framtida til Gibraltar etter brexit. No insisterer Spania på at dette er noko dei har rett til å diskutere med Storbritannia.

Josep Borrell

Spanias utanriksminister Josep Borrell (t.h.) snakkar med Frankrikes utanriksminister Jean Yves Le Drian under møtet i Brussel måndag.

Foto: John Thys / AFP

Borrell seier at samtalane om Gibraltar skal vere «eigne territorielle forhandlingar», og han seier at landet ikkje vil støtte avtaleutkastet før dette er klart.

– Forhandlingane er ikkje nødvendigvis så fredelege som dei ser ut. I Europa er det ikkje over før det er over. Du må alltid vere budd på ei overrasking i siste augeblink, sa Borrell.

Krav om veto

Spania har lenge vore misnøgde med at Gibraltar høyrer til Storbritannia. I 1713 måtte Spania gi frå seg territoriet til Storbritannia, og sidan har striden rundt Gibraltar fleire gongar ført til politisk krise mellom landa.

Etter brexitrøystinga i 2016, nytta Spania høvet til å foreslå delt suverenitet over halvøya. Det ville ikkje innbyggjarane på Gibraltar. Storbritannia har lova at Gibraltar skal bli verande britisk så lenge dei som bur der ønskjer det.

I fjor fekk Spania ein spesiell klausul inn i retningslinjene for brexitforhandlingane, som sa at «ingen avtalar mellom EU og Storbritannia kan omhandle Gibraltar, utan ein avtale mellom Spania og Storbritannia».

Dette vart tolka som ein vetorett for Spania, noko som fekk britane til å hente fram ein uvanleg hard retorikk.

Regjeringssjefen på Gibraltar, Fabian Picardo, seier at han ikkje er overraska over dei nye krava frå Spania, og skreiv på Twitter at Spania «gjer lite for å bygge gjensidig tillit og tillit framover».

Laster Twitter-innhold

Toppmøte i EU

På søndag skal EU-landa møtast i Brussel for å ferdigstille og formalisere brexit-avtala.

Grensa mellom Irland og Nord-Irland er allereie eit vanskeleg tema. No kan krava frå Spania setje fleire kjeppar i hjula.

For at avtala skal bli godkjend, må den ha eit kvalifisert fleirtal. I Det europeiske rådet betyr dette to kriterium:

  • 55 prosent av medlemslanda røyster for

  • Avtala har støtte av medlemsland som utgjer minst 65 prosent av befolkninga i EU

Om ikkje dei resterande medlemslanda er samde, kan det dermed bli endå vanskelegare å få brexitavtala i hamn.

«Ein stor familie»

Trass trugslane frå Spania om å ikkje støtte avtala, står Storbritannia på sitt.

– Utkastet til brexitavtale omhandlar Gibraltar, seier ein talsperson for Downing Street, ifølgje BBC.

Statsminister Theresa May har vore tydeleg på at Storbritannia ikkje kjem til å ekskludere Gibraltar, eller dei andre oversjøiske territoria frå avtala.

– Vi vil få ei avtale som fungerer for heile den britisk familien.

SISTE NYTT

Siste nytt