Ein av SOS-barnebyar sine tilsette i Mogadishu blei den 10.oktober skoten og drepen utanfor den humanitære organisasjonen sitt medisinske senter i byen.
Generalsekretæren i SOS-barnebyer Sverige, Anna Ryott, kallar hendinga for eit «forferdeleg brot på menneskerettane».
- LES OGSÅ: Prøver å drive ut milits fra Mogadishu
Harde kampar i området
Den drepne, Ali Shabye, hadde jobba i SOS-barnebyer i 17 år og jobba ved vaskeriet. Han vart eit sivilt offer i ei skotveksling mellom somaliske regjeringssoldatar, soldatar frå Den afrikanske union og den islamistiske opprørsgruppa al-Shabaab, opplyser SOS på sine nettsider.
Området som barnebyen ligg i, har i fleire dagar vore utsett for harde kampar. Pasientar og tilsette vart sist søndag tvinga til å flykta frå sjukehuset.
- LES OGSÅ: Minst 70 drept av bilbombe i Mogadishu
Bortføringar og drap
Tilsette og pasientar ved barnebyen skal no vera i tryggleik i Kilo, 13 kilometer frå Mogadishu. Personalet ved sjukehuset er lokalt tilsette.
Al-Shabaab har også fått skulda for å stå bak fleire drap og bortføringar i Kenya den siste tida.
Seinast torsdag 13.oktober vart to spanske hjelpearbeidarar kidnappa medan dei arbeidde for Leger uten Grenser i flyktningleiren i Dadaab.