Hopp til innhold

Dødsbrannen i Bucuresti: – Korrupsjonen har skulda

Tusenvis av menneske gjekk i sørgemarsj til nattklubben som brann i Bucuresti i helga. Dødstala har stige til 30. Ungdommane meiner styremaktene har skulda.

TOPSHOTS-ROMANIA-FIRE-DISCO

Fleire tusen rumenarar møtte opp for å tenne lys utanfor konsertkjelleren Colectiv i Bucuresti, som brann ned i helga.

Foto: DANIEL MIHAILESCU / Afp

- Det var ein tragedie skapt av korrupsjon, likesæle og inkompetanse, seier Gabriel Mistodie til avisa The Guardian.

Hotnews.ro skriv at ein av dei tre eigarane til nattklubben har eigd to andre utestadar som har brunne ned dei siste åra.

'Goodbye to Gravity' på scenen i Bukuresti

Fra konserten. Sekund før takplatene tok fyr.

Foto: STRINGER/ROMANIA / Reuters

Korrupsjon får skulda

Men frustrasjonen rettar seg mot kommunen. At ein ved hjelp av bestikkelser kan skaffe seg løyve til det meste.

Nyleg vart borgarmeisteren i Bucuresti arrestert for korrupsjon.

Dei fleste nattklubbane i Bucuresti er farlege, skriv Lulea Marius Dorin i avisa Adevarul.

Romania Nightclub Fire

Mange av dei skadde har store brann og røykskadar. Dødstala held fram med å stige.

Foto: Andreea Alexandru / Ap

– 90 prosent av utestadane i Bucuresti sentrum oppfyller ikkje dei lovpålagde krava til drift. Her snakkar vi om styrke, stabilitet og branntryggleik. Likevel får dei løyve av kommunen.

Journalist Iulia Maria Rosu meiner folk må byrje å bry seg om det som skjer rundt dei,

Korrupsjon drep, vi må bruke stemmeretten for å få djuptgripande endringar i samfunnet, skriv ho på Facebook.

Til neste år er det val på ny nasjonalforsamling.

Vil ha nytt sjukehus ikkje katedral

180 akuttpasientar var nok til å sprenge sjukehuskapasiteten i den rumenske hovudstaden. Ein by med 2 millionar innbyggarar. Nokre av dei skadde vart transportert til andre omliggande byar.

Mange krev no at ein bygger eit nytt akuttsjukehus i Bucuresti, i staden for å bruke pengar på ein ny katedral som er planlagd.

Kva om det kjem eit nytt jordskjelv. I 1977 var det 11.000 skadde, kva skal vi gjere da, spør bloggaren Ciprian Pardau.

Gratiskonsert for å promotere nytt album

Romania Nightclub Fire

President Klaus Iohannis besøkte i går branntomta. Han kritiserer arrangørane for ikkje å ha fylgd brannforskriftene.

Foto: Vadim Ghirda / Ap

Det var kome over 500 for å høyre metalbandet Goodbye to Gravity spele den nye plata si. Ifølgje vitne tende gnistar frå stjerneskot på takplater over scena. Vokalisten rakk å spøke litt, før heile lokalet var overtent.

Diskoteket låg i ein kjellar. Det var berre ein utgang.

Begge gitaristane døydde i brannen. Vokalisten og bassisten skal vere hardt skadde.

140 er framleis på sjukehus. Av desse svever 90 personar mellom liv og død. Statssekretær i helsedepartementet, Raed Arafat, fryktar dødstala vil bli dobla.

SISTE NYTT

Siste nytt

Ukraina skal ha skutt ned russisk bombefly – Nato lover mer luftvern

En utålmodig og desperat Volodymyr Zelenskyj trygler verden om mer støtte. En ekspert tror det blir kritisk for Ukraina å få mer luftvern.