Hopp til innhold

Sorg og sinne på Sicilia

20 er stadfesta døde og 30 er sakna etter uveret på Sicilia torsdag og fredag.

Video nsps_upload_2009_10_3_16_17_44_3145.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Katastrofen på Sicilia

Fleire hundre menneske vart skadde då det ekstreme regnveret førde til jordras og flaumar fleire stader i og rundt storbyen Messina.

Midt i sorga og fortvilinga er folk også sinte på styresmaktene etter det som har skjedd. Dei finn ikkje meining i at kraftig regn, som rammar den italienske øya kvar haust, skal få slike fatale konsevensar.

To dagar etter uveret blir skadde framleis henta ut med helikopter.

To dagar etter uveret blir skadde framleis henta ut med helikopter.

Foto: STRINGER/ITALY / REUTERS

Mange irriterer seg også over statsminister Silvio Berlusconi. Han avslyste ei planlagd reise til katastrofeområdet, fordi han "ikkje ville gå i vegen for redningsarbeidarane".

Sju meter djup gjørme

I den vesle byen Molo var gjørma sju meter djup då redningsmannskapa starta arbeidet.

Dei skadde måtte fraktast ut av området med båt, fordi alle vegar og togliner var fullstendig øydelagde av ras og flaum. Dei mest alvorleg skadde vart henta ut med helikopter.

Eitt av jordrasa var 3,5 kilometer breitt, og det sette alle kommunikasjonsmiddel ut av spel. Fleire tital bilar vart tekne av raset på strekninga mellom Messina og byen Molino litt lenger sør.

Mykje av sinnet rettar seg mot lokale styresmakter, som etter mange si meining har vore altfor lemfeldige når det gjeld å gi byggjeløyver på rasutsette stader.

- Bryr seg ikkje

- I Italia byggjer folk over alt, utan å bry seg med dei gjeldande regelverket som gjeld for andre EU-land, seier bygningseksperten Massimo Velti.

Han seier det er naudsynt å lage ein skikkeleg plan for korleis ein skal unngå slike katastrofar i framtida, fordi regnver, sjølv om det er ekstremt kraftig, ikkje skal ha slike konsevensar.

Giulia Maria Mozzoni Crespi er miljøvernaktivist, og ho meiner at lokale politikarar har mykje av skulda for den halslause husbygginga på Sicilia.

- Politikarane på Sicilia tenkjer ikkje på konsekvensane når dei gir byggjeløyve. Dei er berre opptekne av å hjelpe venene sine med å få setje opp hus, seier ho.

LES OGSÅ: 18 mistet livet på Sicilia

Ei skadd kvinne blir teken bort av frivillige frå Røde Kors.

Ei skadd kvinne blir teken bort av frivillige frå Røde Kors.

Foto: MARCELLO PATERNOSTRO / AFP
Folk som har mist heimane sine blir registrerte på Sicilia.

Folk som har mist heimane sine blir registrerte på Sicilia.

Foto: STR / REUTERS

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt