Hopp til innhold

Sør-Korea trekkjer seg frå industrisamarbeid med Nord-Korea

Sør-Korea trekkjer seg frå industrisamarbeidet med Nord og trekkjer seg fullstendig ut frå industriparken Kaesong i Nord-Korea.

Sørkoreanske soldatar ved grensa til Nord-Korea.

Sør-Korea førebur seg på å evakuere 175 arbeidarar frå industriparken Kaesong i Nord-Korea.

Foto: JUNG YEON-JE / Afp

Dette skjer etter at Nord-Korea tidlegare i dag avviste eit forslag frå Sør-Korea om å innleie formelle samtalar om samarbeidet om den felles industriparken på den nordkoreanske sida av grensa.

– Ikkje ærlege hensikter

Kim Jong-un

Den unge leiaren i Nord-Korea, Kim Jong-un, vil ikkje snakke med Sør-Korea.

Foto: KNS / Afp

Det nasjonale forsvarsrådet i Nord-Korea har gjort det klart at dei ikkje ser på det sørkoreanske forslaget som seriøst. Dette på grunn av at landet har gjennomført ei felles militærøving med USA nær grensa, og at landet har spreidd anti-nordkoreanske løpesetlar i grenseområdet.

Dette er eit bevis på at Sør-Korea ikkje har ærlege hensikter, heiter det.

Sør-Korea gav i går nabolandet ein frist på 24 timar til å gå med på forhandlingar. Dersom ikkje ville Seoul innføre det dei kalla betydelege tiltak mot Pyongyang.

LES OGSÅ: Sør-Korea vil snakke med Nord-Korea om Kaesong-sonen

LES OGSÅ: Nord-Korea: Vil angripe uten varsel

– Manglar mat

Det er rundt 175 sørkoreanarar som har arbeidet sitt i Kaesong, og styresmaktene i Seoul fryktar no for at dei ikkje har nok mat og tilgjenge til medisinsk hjelp. Nord-Korea har trekt alle sine 53.000 arbeidarar ut av industriparken.

Nord-Korea har hindra sørkoreanarar å kome inn i industriparken sidan 3. april, og det er heller ikkje mogleg å få inn forsyningar til dei.

Den siste tida har dei vore utestengde frå industriparken av nordkoreanske styresmakter. Parken har vore populær blant sørkoreanske bedrifter, mykje på grunn av den billege arbeidskrafta i Nord-Korea.

LES OGSÅ: Feiring i Nord-Korea, hat-protester i Sør-Korea

LES OGSÅ: USA vil forhandle med Nord-Korea

Truar med angrep

Det nordkoreanske militærrådet seier i ei fråsegn at berre er for nabolandet å hente heim dei 175 arbeidarane i Kaesong.

Spenninga på grensa mellom dei to koreanske statane har vorte stadig meir spent den siste tida. Nord-Korea har fleire gonger trua med å gå til eit knusande angrep på nabolandet, og landet har også trua med å angripe USA med atomvåpen.

Kaesong vart etablert i 2004 som del av ein forsoningsprosess mellom dei to koreanske statane. Industriparken ligg ti kilometer inn på nordkoreansk side av grensa, og 123 sørkoreanske selskap er etablerte der.

Arbeidere Kaesong

Sør-Korea seier dei vil trekkje seg frå samarbeidet i industriparken Kaesong.

Foto: Jean H. Lee / Ap

LES OGSÅ: Hva hvis svenskekongen vil «bade Oslo i et hav av ild»

LES OGSÅ: – Nord-Korea gjør en stor tabbe hvis de sender avgårde en rakett

SISTE NYTT

Siste nytt