Ein ikkje namngjeven tenestemann i regjeringsapparatet i Seoul sa tysdag til det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap at avgjerda om å avstå frå fangsten er teken i samråd mellom fleire departement.
Men det sørkoreanske jordbruks- og fiskeridepartementet ville ikkje stadfesta meldinga.
– Sjølv om målet med fangsten er vitskapeleg, må vi ta omsyn til at dette er eit kjenslevart spørsmål både her heime og i utlandet, sa tenestemannen til Yonhap.
Difor blir det ikkje noko av fangsten utanfor den sørkoreanske kysten.
Skarp kritikk frå USA og Australia
Sørkoreanarane har tidlegare vist til ein stor vekst i kvalbestanden i kystfarvatna sine som ein grunn til at forskingsfangsten skulle takast opp att.
Men varselet om ny fangst utløyste skarp kritikk frå USA, Australia og New Zealand.
Japan driv i dag forskingsfangst på kval, men sel kjøttet vidare til bruk som mat når forskarane er ferdige med dyra. Noreg og Island driv også kvalfangst og kjenner seg ikkje bundne av det internasjonale fangstforbodet som blei innført i 1986.