Det er igjen søppelkrise i den italienske hovudstaden. Søppelet hopar seg opp i gatene, vond lukt heng over store delar av byen. Det kryr av rotter i søppelet og avfallsmengdene har også tiltrekt seg store flokkar av måsar.
I nokre forstader til Roma er det også meldt om at villsvin har forsynt seg av søppelet. Legar og andre helsearbeidarar i byen seier no at det er alvorleg fare for helsa til innbyggjarane. Dei åtvarar om stor fare for utbrot av smittsame sjukdomar.
– Alvorleg risiko
– Det hopar seg opp med søppel i alle gater, nær skular, sjukehus og andre stader der mange menneske samlar seg. Det er stor risiko for alvorleg sjukdomsutbrot, seier Antonio Magi og Perluigi Bartoletti, leiar og nestleiar i legeforeininga i byen, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.
Samstundes er det kaos i selskapet som skal ta seg av søppelet, AMA. Det nye styret i selskapet trekte seg sist måndag etter sterk kritikk frå politikarane i byen. Borgarmeister Virginia Raggi sparka dett gamle styret i AMA i februar i år fordi dei ikkje hadde vist seg i stand til rydde opp i søppelproblema.
No rettar politikarar frå opposisjonen sterk kritikk av Virginia Raggi. Ho vart valt til borgarmeister i Roma for Femstjernerørsla i 2016, og den viktigaste valkampsaka hennar var kamp mot korrupsjon og vanstyre. No blir ho sjølv ramma av kraftig kritikk for det opposisjonen meiner er manglande evne til å få slutt på korrupsjonen.
– Mafialiknande grupper
Sjølv har Raggi orsaka seg med at byen er under angrep frå mafialiknande grupper, som nektar å gi slepp på makta dei har hatt over avfallshandteringa i byen. Ho viste blant anna til dei mange påsette brannane i søppelanlegg tidlegare i år, og ho var ikkje i tvil om at det var dei kriminelle gruppene som stod bak.
Det er kjent at mafiagrupper eller mafialiknande bandar har kontrollert store delar av søppelhandteringa i Italia i mange år.
I 2014 vart det avdekt at ei mafiagruppering som blir kalla «Mafia Capitale» i årevis hadde infiltrert administrasjonen i Roma, og at dei hadde
som eigentleg skulle gått til drifta av byen.Då vart det også hevda at Roma var
.Krev at Raggi må gå
Fleire opposisjonspolitikarar i bystyret i Roma kravde i går at Virginia Raggi måtte trekkje seg. Dei meiner at ho og Femstjernerørsla, som også er med i regjeringskoalisjonen i Italia, har vanstyrt hovudstaden i slik grad at Roma i dag er ein skamplett for Italia internasjonalt.
Medan politikarane kranglar så utviklar søppelkrisa seg vidare. Toppsjefen i søppelhandteringsselskapet AMA, som gjekk av saman med styret tidlegare denne veka, seier at det er heilt naudsynt at krisa blir løyst i løpet av dei neste par vekene.
– Dersom ikkje, då vil vi få verkeleg store problem, seier han.