Dette biletet av Kim Jong Nam saman med faren Kim Jong-Il er teke for 20 år sidan, då sonen var rundt 10 år. (Scanpix-foto)
Mannen vart pågripen på Narita-flyplassen utanfor Tokyo då han prøvde å ta seg ulovleg inn i landet. Han hadde eit falskt pass som han hadde skaffa seg i Den Dominikanske republikk i Karibia, og kom til Japan på eit fly frå Singapore. Dette passet skal vere brukt i Japan to gonger før.
Han kom saman med to kvinner i 30-åra og ein liten gut på fire år. Desse er truleg medlemer av familien hans. Det vart først meldt at mannen nekta for å vere sonen til Kim Jong-Il, men dei siste meldingane går ut på at mannen no skal ha vedgått at han er Kim Jong-Nam.
Kim Jong-Nam er 30 år gammal, og eldste sonen til Kim Jong-Il og hans andre kone. Kim Jong-Nam er kjend for å vere ein skikkeleg dataentusiast,og han skal ha studert både i Russland og Sveits. Han skal også tidlegare har vitja Japan.
Kim Jong-Nam skal ha sagt i avhøyr at han prøvde å kome inn i Japan for å vitje Disneyland.
Han blir kalla Den Vesle Generalen i Nord-Korea, og han har trulege ei sentral sstilling i hæren. Hendinga er ei diplomatisk utfordring for Japans nye statsminister, Junichiro Koizumi. Det er eit vanskeleg forhold mellom Japan og Nord-Korea, og forsøket på å normalisere forholdet har stagnert det siste halve året.
Japanske styrresmakter vurderer å sende Kim Jong-nam tilbake til Singapore, eller deporterer han til Kina. Politiet i Tokyo opplyser at følgjet hadde billettar til Beijing 7. mai.