Hopp til innhold

Søndag er ny, siste frist for brexitforhandlingane

Brexitforhandlingane mellom Storbritannia og EU held fram, men avstanden er framleis veldig stor mellom partane. Søndag blir no ny frist. No hastar det.

Boris Johnson og Ursula von der Leyen

STOR AVSTAND: EU-kommisjonens leder Ursula von der Leyen (til høyre) går saman med Storbritannias statsminister Boris Johnson i Berlaymont-bygningen i Brussel der møtet fann stad.

Foto: Olivier Hoslet / AP/NTB

Den øvste leiaren i EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, tok onsdag kveld imot statsministeren i Storbritannia, Boris Johnson, i EU-hovudkvarteret i Brussel.

Etter eit tre timar langt middagsmøte forlét Johnson Berlaymont-bygningen litt over klokka 23.

– Vi hadde ein livleg og interessant diskusjon om omstenda rundt dei uløyste sakene på lista. Vi fekk ein klar oppfatning av ståstaden til den andre. Avstanden er stadig stor, sa von der Leyen i ei skriftleg fråsegn etter møtet.

Søndag er siste frist

Etter at møtet var over, sende kontoret til Johnson ut ei melding om at søndag blir siste frist for å finne ut om det har noka hensikt å halde fram samtalane.

– Statsministeren og Ursula von der Leyen vart samde om ytterlegare samtalar dei neste dagane mellom forhandlingsteama deira. Statsministeren ønskjer ikkje å la nokon veg mot ein avtale stå uprøvd. Statsministeren og von der Leyen vart samde om at ei endeleg avgjerd om framtida til samtalane bør takast innan søndag, heiter det i fråsegna frå Downing Street.

Von der Leyen viste òg til at helga truleg blir ein siste frist.

– Vi vart samd om at forhandlarane våre umiddelbart skal møtast igjen for å prøve å løyse desse avgjerande sakene. Målet er å nå ei avgjerd innan slutten av helga, sa ho.

I fråsegna frå London, som vart sendt til journalistar få minutt etter at Johnson forlét EU-hovudkvarteret, heiter det at partane hadde ein oppriktig samtale, men at betydelege hinder framleis står att i forhandlingane.

– Svært stort gap finst framleis mellom partane. Det er enno uklart om det vil vere mogleg for dei å komme i mål, seier kjelda.

Boris Johnson og Ursula von der Leyen

FOTOPOSERING; EU-kommisjonens leder Ursula von der Leyen og Boris Johnson tok av seg munnbinda for fotografane før de gjekk inn til middagsmøtet onsdag.

Foto: Olivier Hoslet / AP/NTB

Tre område

Nokre timar før avreisa frå London sa Johnson at det framleis var mogleg å oppnå ein god avtale med EU.

Vel framme Brussel poserte Johnson og von der Leyen for fotografane i Berlaymont-bygningen. Dei tok ei kort stund av seg munnbinda, før dei gjekk inn for å ete og snakke saman.

Frå forhandlarane sine har dei to fått ei liste over dei vanskelegaste spørsmåla som står att. Det er lagt opp til at von der Leyen kan orientere EU-leiarane på eit toppmøte torsdag.

Nyttår

Sidan britane formelt gjekk ut av EU 31. januar i år, har dei to partane forhandla om ein handelsavtale og det framtidige forholdet mellom dei. Målet har vore å få på plass ei løysing innan det komande årsskiftet.

I samband med utmeldinga vart det lagt inn ein overgangsperiode. Fram til 31. desember i år skulle Storbritannia halde fram med å vere ein del av dei same ordningane og avtalane som gjaldt før brexit. Det inkluderer deltaking i EUs indre marknad og tollunion. Handelsavtalar med tredjeland gjeld framleis.

Rørslefridommen mellom landa gjeld òg inntil vidare. Men frå årsskiftet må britar ta omsyn til dei same reglane som reisande frå såkalla tredjeland når dei besøkjer EU. Det same gjeld EU-borgarar som reiser til Storbritannia.

Vanskelege punkt

Utmeldingsavtalen frå sist vinter la opp til at den knappe overgangsperioden på 11 månader kunne verte forlengja med inntil to år. Det har britane konsekvent sagt nei til.

Medan grensa mellom britiske Nord-Irland og EU-medlemmen Irland var eitt av dei vanskelegaste spørsmåla då utmeldingsavtalen skulle på plass, er det andre spørsmål som har dominert dei nye forhandlingane.

Sidan samtalane byrja i mars, har konkurransereglar, fiskeri og handheving av ein eventuell avtale vore dei mest kompliserte punkta.

SISTE NYTT

Siste nytt