Hopp til innhold
Korrespondentbrev

Sommarferien i Berlin 1983

Berlin, Tyskland (NRK): Det er 1983. Eg sit i ein blå Opel Ascona på veg til Berlin. Vi er seks personar i bilen. Foreldra mine, yngstebroren min, mormor og onkel.

Berlintur 1983

Frå venstre: Korrespondenten, mormor, Heinz, mor, veslebror og onkel.

Foto: Privat

Ferda går med Stena Line til Kiel, og så må vi gjennom korridoren i Aust-Tyskland, til byen som er innestengd av ein mur.

Vil du ha nyhetsbrev fra Urix? Meld deg på her

Eg er seks år gammal og bryr meg ikkje så veldig om denne muren. Alt eg veit er at vi skal besøke Monika og Viktor.

Monika har vore mykje på ferie i Noreg får eg vite. For det hadde vore krig i Tyskland og byen var heilt øydelagd. Det var ingen bra stad for born å vere. Så for å gje dei ein pause frå alt det vonde vart dei på 50 og 60-talet sende til andre land i Europa på sommarferie.

Blå Opel Ascona

Den blå Opelen måtte ha seg ein pause etter hard køyring på autobahn.

Foto: Privat

På omvising med ein krigsveteran

Det eg hugsar best frå turen var omvisinga vi fekk med Heinz, faren til Monika. Han hadde vore soldat under krigen, og truleg overlevde han fordi han vart teken som krigsfange og sat i ein fangeleir i USA mesteparten av krigen.

Eg hugsar Heinz som ein koseleg eldre mann med hatt. Han elska å gjere narr av Hitler, som han meinte var ein kronidiot. Dei vaksne lo når han imiterte og gjorde narr av dei høglydte talane til Adolf Hitler.

Heinz kvidde seg ikkje for å vise fram krigshistoria i Berlin. Eg hugsar han køyrde ein sliten Mercedes, og vi hang på i den blå Opelen vår.

Olympiastadion 1983

Olympiastadion var stengt men det stoppa ikkje ivrige turistar. Her er det mor som klatrar over porten.

Foto: Privat

Første stopp var olympiastadion, der vi klatra over eit gjerde for å kome oss inn. Heinz tok oss med til øvste tribune og fortalde om Hitler sine stormannsgale idear på inn og utpust.

Så stogga vi ved bunkeren der Hitler sat og venta på undergangen i 1945. Alt da var den asfaltert over og gjort om til ein anonym parkeringsplass for å hindre at det vart ein samlingsstad for nynazistar.

Så vandra vi langs Berlinmuren og den sokalla dødssonen. Ikkje gå for nær, fekk eg streng beskjed om:

– Då blir du skoten!

Eg hugsar eg såg graffiti på muren og lurte på kven det var som risikerte livet for å skrive desse slagorda.

Ved Checkpoint Charlie besøkte vi eit museum som fortalde fantastiske historier om flukta over muren. Det var til og med rulla ut piggtråd under vatn for å hindre at folk dykka seg til fridomen!

Heinz hasta vidare til riksdagsbygningen. Også her skulle vi heilt til topps. I fleire rom vart det vist svart kvitt filmar frå andre verdskrigen. Ein av filmane var frå austfronten. Da sa det stopp.

Heinz byrja gråte. Eg spør mor mi kvifor den gamle koselege mannen er lei seg. Eg får ikkje noko fornuftig svar.

I ettertid veit vi meir om PTSD. Posttraumatisk stress-syndrom. Trauma frå ein blodig krig hadde nok sett sine spor. Og Heinz var ikkje aleine. Heile verda var jo meir eller mindre traumatiserte etter andre verdskrigen.

Men det var tyskarane som hadde tapt. Det var dei som hadde skulda. Det var dei som skulle leve med skamma.

Vest-Berlin i 1983 var eit etterkrigssamfunn. Soldatar passa på kontrollpostar, dei sat på bussen og på kafeane. Ikkje så veldig ulikt andre fredsbevarande operasjonar, det vere Kosovo eller Aust-Timor.

Olympiastadion Berlin 1983

Olympiastadion frå øvste tribune i 1983.

Foto: Privat

Omvising i 2019

Førre veke vandra eg langs Berlinmuren med ein røynd turistguide. Han var ikkje på noko måte like karismatisk som Heinz, men kunnskapsrik det var han.

Vi følgde stien av brustein som markerer kor muren gjekk. Vi passerte gamle vakttårn og ein kyrkjegard. Vest-Tysk politi skaut minst fem grensevakter frå aust, fortel guiden meg.

Det var nok at ei kule forvilla seg over muren, så ville dei byrje skyte tilbake frå andre sida. Det var ein nervekrig, og partane vart etter kvart samde om å respektere grensa gjennom byen absolutt.

Det førte til at leikande born drukna i elva, for politiet torde ikkje gripe inn og berge livet deira, fortel guiden medan vi vandrar vidare.

Berlin sentrum er framleis ein byggeplass der det blir reist prangande praktbygg. Før muren og verdskrigane var planen at Berlin skulle bli like berømt som London, Paris og New York. Byen skulle få 10 millionar innbyggarar og bli eit finansielt og politisk sentrum.

Adolf Hitler og sjefarkitekt Albert Speer hadde enda større planar. Dei hadde ambisjonar om å regjere Europa og deler av verda frå Berlin.

I staden kom nederlaget og muren. Bankane låg tilfeldigvis i det som vart Aust-Berlin, så dei flytta til Frankfurt. Viktige Berlin-selskap som Siemens og AEG kunne heller ikkje fungere optimalt i ein så isolert by.

Berlin reiser seg igjen

Etter murens fall var Berlin ein by med eit folketal på under halvparten av 10 millionar menneske. Og det var så god plass her at det var nesten gratis å bu her, fortel guiden. Han hadde sjølv nytt godt av dette.

Det var då kunstnarar, musikarar og andre kreative menneske med dårleg råd byrja sette sitt preg på byen. Frå Aust kom punkarane, dei mest berømte er kanskje musikarane i bandet Rammstein.

Tiergarten

Sigerssøyla i Tiergarten 1983.

Foto: Privat

Punk- og technomusikken vart ein arena der folk frå aust og vest kunne møte kvarandre som likemenn. For trass muren hadde alle høyrt på den same musikken og sett dei same TV-programma.

Guiden fortel at det berre var ein myte at ein i aust ikkje hadde lov til å sjå på vestleg fjernsyn. Og Vest-Berlin hadde dei kraftigaste TV-sendarane i Europa som kringkasta vestleg kultur til dei som levde bak jernteppet.

Tretti år seinare er bustadprisane på veg opp, og Siemens har «kome attende» til byen. Men det står att framleis mykje arbeid for å gjenreise Berlin til det den er meint å vere, fortel guiden medan vi seier farvel.

Svartebørs i korridoren

Tilbake i 1983 har Heinz kome seg til hektene igjen, og smilet er tilbake. Nei, no må vi handle øl! Turen gjekk til eit øllager ved ein jernbanestasjon. Ølet vart levert med tog, og det var ølkasser så langt ein kunne sjå.

Heinz hadde fått streng ordre av kona om å halde seg unna brennevin. Det tolte han ikkje. Da kom sentimentaliteten og minna fram. Men øl fekk han drikke så mykje han ville. Og sjølv med mur på alle kantar, bogna butikkhyllene med alle dei varer ein kunne tenkje seg. Det var eit mykje betre utval enn i Noreg og dyrt var det heller ikkje. Dei vaksne var imponerte.

På veg tilbake gjennom korridoren stoggar vi på ein bensinstasjon. Mormor handlar fransk konjakk med nokre tungt væpna grensevakter. Eit røvarkjøp på svartebørsen! Men vel heime viste det seg at det var alt anna enn edle dropar på dei fasjonable flaskene.

SISTE NYTT

Siste nytt