Hopp til innhold

Sommaren er høgsesong for drap

Langt fleire unge amerikanarar blir drepne på gata i heimbyen til Barack Obama enn på slagmarka i Irak. Og sommaren er høgsesong for gjengdrap.

Video nsps_upload_2009_7_1_19_20_44_38.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Gjengmedlemer fortel om det harde livet på gata i Chicago.

I fjor vart 511 unge menneske drepne i gjengrelatert vald i Chicago. Til samanlikning vart 281 amerikanske soldatar drepne i krigen i Irak.

Steven Salzman er sjeflege ved Christ medical senter i det sørvestlege Chicago, sjukehuset som tek mot dei fleste offera frå gjengkrigane i den gamle gansterhovudstaden ved breidda av Michigan-sjøen.

Epidemisk

- Eg er ikkje i tvil. Valdsbruken i Chicago er epidemisk, seier han. Han fortel at kvar tredje som kjem til sjukehuset med skotskadar, er tenåring, og sommaren er høgsesong.

- Berre i juni behandla vi 88 skotskadar på akutten her, og det kjem til å bli verre, seier han.

Juli og august er dei varmaste månadene i året i Chicago, og sosialarbeidaren Ulysses Flyd, som arbeider med gjengmedlemene, seier at alt blir verre om sommaren.

- Når temperaturen stig blir det fleire gjengdrap. Det skjer kvart år, seier han.

Måtte flykte

Då eit team frå Dansk Radio laga ein reportasje om gjengvalden i Chicago nyleg kom dei sjølve opp i ein episode der dei måtte flykte frå staden dei gjorde opptak. Ein gjeng som rivaliserte med gjengen DR laga reportasje om, trua med å skyte mot dei.

I reportasjen (videoen over) fortel medlemer av gjengen Blackstones korleis dei lever og om krigen med døsfiendane i the Stiples, ein annan av gjengane i det sørvestlege Chicago.

Kampen står om kontroll over den lukrative handelen med narkotika i dei ulike bydelane i den amerikanske storbyen.

SISTE NYTT

Siste nytt