Hopp til innhold

Somalia har gått til full krig mot terror - trur på rask suksess

Somalias ferske statsminister fortel NRK at han trur 2023 blir året der terrorgruppa Al-Shabaab blir nedkjempa. Men ikkje alle er like store optimistar.

Hamza Abdi Barre, statsminister i Somalia på kontoret sitt desember 2022

Somalias statsminister, Hamza Abdi Barre, trur regjeringa hans vil lukkast raskt med eit problem som har vart lenge.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Eit esel drar på ei kjerre gjennom Mogadishus gater. I motsett retning kjem ei stor transportpanservogn.

I Mogadishu er kvardagen ganske annleis enn i dei fleste andre hovudstader.

I verste fall kan det vere livsfarleg å opphalde seg i Somalias største by. Nesten alle som bur her har historier om korleis terrorgruppa Al-Shabaab plutseleg kan slå til.

Sjølv når du er bak høge murar med piggtrådar, så kan du risikere at granatar blir kasta over muren og skaper stor skade.

Al-Shabaab har stått bak mange angrep gjennom mange år. Til dømes kan ei stor bilbombe gå av og både drepe og skade. Og når folk strøymer til for å hjelpe, så kjem det ein eksplosjon til.

Såkalla «tvillingangrep» har skjedd fleire gonger.

Les også UD stadfestar: Ein norsk borgar drepen i Mogadishu

Utanfor luksushotellet Hayat i Mogadishu.

Trur på siger i 2023

I det siste har angrepa blitt verre, for den nye regjeringa har starta ein offensiv mot Al-Shabaab.

Ute i dei tørre områda sør i Somalia går det føre seg ein krig.

På Twitter blir det stadig delt meldingar der det blit påstått at den somaliske regjeringshæren har suksess på slagmarka.

Den førre regjeringa førte ein politikk som i større grad tillot gruppa å operere i dei sørlege delane av Somalia. Men Somalias ferske regjering har ein annan strategi.

Dei har starta nytt militært samarbeid med USA, der somaliske soldatar blir trent av amerikanske spesialstyrkar. Regjeringa har også tillate at ulike klanmilitsar gjennomfører angrep mot Al-Shabaab meir på eiga hand.

– Problemet vårt er Al-Shabaab. Me har ingen andre krigar. Om me held fram slik som no i eitt år til, så håper eg Somalia vil vere fredeleg både i sør og nord, seier Hamza Abdi Barre.

Han er Somalias statsminister og NRK får snakke med han etter at han har møtt Noregs utviklingsminister Anne-Beathe Tvinnereim.

Han sit på kontoret sitt i Mogadishu. For å kome seg dit må ein forbi tallause vakter, og mange sjekkpunkt.

Det skal vere ein trygg del av byen, men likevel skjedde det eit stort angrep i nabolaget berre ei lita veke før NRK møter han for eit intervju.

Me vil fortsette kampen fram til me har fått denne kreften ut av Somalia. Al-Shabaab brenner små landsbyar, øydelegg folk sine vasskjelder, og dei går etter å øydelegge vanlege folks kvardagsliv, seier Barre.

Har laga ein strategi

Ei av inntektskjeldene til Al-Shabaab er å krevje skatt frå folk i områda som dei kontrollerer med jernhand. Målet er politisk makt og innføring av sharialovar.

På slutten av 2000-talet var gruppa såpass sterke at dei styrte heile Mogadishu, men dei vart slått tilbake og har etablert seg på landsbygdene.

Statsministeren meiner at dei er i ferd med å få folk over til sitt lag, og han påstår at fleire no nektar å betale skatt til Al-Shabaab.

Det er ingen somaliarar som gjev dei pengar frivillig. Det handlar om at dei blir truga på livet. Kvar gong me ser at me har framgang i kampen mot Al-Shabaab, så blir dei færre, seier statsministeren.

Regjeringa har ein strategi for å nedkjempe Al-Shabaab.

  • Føre ein politikk som sameinar folk og skaper engasjement nok til at fleire vender ryggen til Al-Shabaab.
  • Forsøke å strupe finansieringa av terrorgruppa.
  • Pleie kontakten med religiøse leiarar slik at alle religiøse miljø vender ryggen til Al-Shabaab.

Jo sterkare staten er, jo færre menneske vil gje pengar til Al-Shabaab. Me veit at folk ikkje er glad i dei, men dei er redde for dei. Derfor håper me at me kan gjere det enklare for folk å vende dei ryggen, seier Barre.

Somalias statsminister Hamza Abdi Barre i møte med Noregs utviklingsminister, Anne Beathe Tvinnereim, desember 2022.

Hamza Abdi Barre hadde tidlegare denne månaden besøk av utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Ein av hans forgjengarar var norsk-somaliske Hassan Ali Khaire, som måtte gå av i 2020.

Khaire blei felt av eit mistillitforslag i parlamentet fordi eit stort fleirtal meinte at han ikkje hadde gjort ein god nok jobb med å etablere nasjonale tryggingsstyrker og betre tryggleiken i Somalia.

Fleire er skeptiske

Ikkje alle har like stor tru på at den nye regjeringa skal klare å slå ned Al-Shabaab.

Dei meiner regjeringa overdriver sin noverande militære suksess, og peiker til at Al-Shabaab kontrollerer 20 prosent av Somalias territorium og har støtte blant mange i sørlege Somalia.

Ein av dei er Mohamed Haji Ingiriis, ein somaliar som for tida er gjesteprofessor ved King's College i London.

– Dette er rein ønsketenking, og viser berre at statsministeren lever langt unna slagmarka, seier Ingiriis.

Les også Norsk-somalisk statsminister må gå

Statsminister Hassan Ali Khaire

Professoren meiner kvar einaste nye regjering i Somalia har hatt liknande ambisjonar i starten av sin periode, men at terrorgruppa har halde seg sterke likevel.

– Denne regjeringa gjer dei same militære og politiske feila som tidlegare regjeringar. Dei lener seg for mykje på utanlandske styrker, og det har ikkje klart å stanse Al-Shabaab så langt. Også klarer dei ikkje å sikre fred og stabilitet i dei områda som er frigjort frå Al-Shabaabs kontroll.

Foreslår fredssamtaler

Professoren trekk fram fleire forklaringar til kvifor han meiner regjeringa stiller for svakt i kampen mot Al-Shabaab:

  • Ingiriis meiner det er eit problem at tryggingsstyrkane til regjeringa i for stor grad bygd opp etter klansystemet, og kven som er politikarane sine favorittar. Mens Al-Shabaab rekrutterer etter erfaring, kunnskap og dyktigheit.
  • Al-Shabaab får inn langt meir skatteinntekter enn den sittande regjeringa, og står sterkare økonomisk, hevdar professoren.
  • Al-shabaabs politiske ideologi, salafisme, er noko mange somaliarar stiller seg bak. Mens regjeringa sin politiske ideologi, som i stor grad handlar om klansystemet, har eit smalare nedslagsfelt, er Ingiriis sin analyse.
  • Også meiner han at regjeringa i Somalia av mange blir oppfatta som nikkedukker for utanlandske agentar som påverkar politikken i landet frå eit lite avstengd, sikkert og ekskulsivt område rundt flyplassen i Mogadishu. Noreg er eit av landa som blir oppfatta å vere ein del av dette, seier professoren.

Dette er nokre av årsakene professoren dreg fram som forklaring på kvifor ein del somaliarar støtter Al-Shabaab framfor regjeringa, og kvifor han meiner det er langt vanskelegare å nedkjempe Al-Shabaab enn det regjeringa gjev inntrykk av.

Ingiriis meiner den beste løysinga er å inngå i forhandlingar med Al-Shabaab for å finne politiske løysingar, i staden for å halde fram med krigføring.

Men dette er altså ei løysing som er høgst uaktuell for dagens sittande regjering.

SISTE NYTT

Siste nytt