NRK Meny
Normal

Somalia-ekspert: Al-Shabaab vil angripe freden

For tre dagar sidan var Somalia-ekspert Stig Jarle Hansen på Lido-stranda i Mogadishu, der 17 sivile vart drepne i eit terrorangrep i går kveld. – Det som har skjedd er forferdeleg, seier Hansen.

17 menneske ble drept i angrep på strandrestaurant i Mogadishu, Somalia

TERRORANGREP: På denne stranda vart 17 sivile drepne i angrepet på ein strandrestaurant i Mogadishu i går.

Foto: MOHAMED ABDIWAHAB / Afp

Angrepet starta då ei bilbombe eksploderte tidleg i går kveld. Så storma væpna menn inn på ein strandrestaurant og begynte å skyte på gjestene som var der. Ifølgje Reuters vart minst 17 sivile drepne i angrepet, som varte i over sju timar.

Stig Jarle Hansen

Somalia-ekspert Stig Jarle Hansen var på Lido-stranda for tre dagar sidan.

Foto: NRK

– Dette er forferdeleg og har råka vanlege folk i Mogadishu, seier Stig Jarle Hansen.

Han kjenner Somalia godt som førsteamanuensis ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Hansen var sjølv på Lido-stranda for tre dagar sidan.

– Lido-stranda er populær, mellom anna på grunn av den fantastiske utsikta. Mange i Mogadishu brukar fritida si her, seier Hansen.

Al-Shabaab står bak

Terrorgruppa Al-Shabaab har tatt på seg skulda for angrepet. På deira radiokanal Andalus omtaler dei angrepet som «ein stor aksjon retta mot fiendar av Allah», skriv NTB.

Nyheitsbyrået Reuters har snakka med Sheikh Somow som var på restauranten i går kveld:

– Angriparane begynte å skyte frå sjøsida, og eg la på sprang for å prøve å kome meg unna. Så kom det ein stor eksplosjon, og eg såg mange menneske som låg på bakken og ropte på hjelp. Eg klarte å flykte frå staden før angriparane hadde tatt full kontroll over restauranten, seier han.

Trur terroristane vil skape utryggleik

Stig Jarle Hansen trur målet til Al-Shabaab var å angripe freden, og skape utryggleik i den somaliske hovudstaden.

– Sjølv om Lido-stranda ikkje er det aller tryggaste området i Mogadishu, er det eitt av dei tryggare stadene i byen. Det er eit område i vekst. Ved å angripe nettopp her vil Al-Shabaab vise styrke.

– Ved å slå til mot sivile vil dei ikkje få mykje sympati, men for al-Shabaab er det viktig å vise at dei kan angripe slike stader som blir rekna for å vere trygge.

Soldat på Lido-stranda i Mogadishu, Somalia

Ein soldat held vakt på Lido-stranda i Mogadishu.

Foto: MOHAMED ABDIWAHAB / Afp

Bruker sjølvmordssoldatar

Ifølgje styresmaktene i Somalia vart fire av angriparane drepne av tryggingsstyrkar. Ein femte angripar vart pågripen då tryggingsstyrkane gjekk inn i restauranten for å søkje gjennom staden. Ifølgje Stig Jarle Hansen er framgangsmåten til terroristane er kjent.

– Det Al-Shabaab ofte gjer er å angripe eit hotell eller ein bygning med ei bombe for å øydelegge mest mogleg. Så rykker dei inn med soldatar. Det er ikkje meininga at desse soldatane skal overleve angrepet, men drepe så mange som mogleg før dei sjølv døyr, seier Hansen.

Skuddveksling utenfor strandrestaurant, ambulanser på stedet, opplesning fra programleder under bildene
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt