Erik Solheim er ansvarleg for den norske fredsinnsatsen i Sri Lanka. I går kom han til den srilankiske hovudstaden Colombo for å ha nye samtalar med styresmaktene i landet om den alvorlege situasjonen.
Jon Hanssen-Bauer er norsk spesialutsending til Sri Lanka. (AP/Scanpix-foto)
I dag kom Solheim til India, der han skal orientere den indiske regjeringa om dei siste samtalane.
Alvorleg
- Situasjonen er svært alvorleg. Vi står framfor ei tøff krise, sa han til journalistar då han kom til den indiske hovudstaden New Delhi i føremiddag norsk tid.
- Det er fem til 10 drepne i landet kvar dag. Det ser ut til å bli meir vald, og det kan bli full krig, sa han.
- Det finst ikkje ei militær løysing på denne konflikten. Begge sider må kome tilbake til forhandlingsbordet. Eg oppmodar partane på det sterkaste om å bli med på nye forhandlingar, sa ein alvorstyngd Erik Solheim.
Han gjorde det klart at Noreg vil halde fram forsøka på å få til nye forhandlingar, og også om utviklinga skulle gå i verst mogleg retning.
LTTE-samtalar
Den norske Sri Lanka-utsendinga Jon Hansson-Bauer har nyleg møtt representantar for LTTE-geriljaen, og han orienterte i går Solheim om samtalane. Denne orienteringa gjorde ikkje Solheim meir optimistisk.
Minst 600 menneske har mist livet i valdshandlingar på Sri Lanka sidan desember i fjor, og våpenkvileavtalen frå 2002, som NOreg var med på å framforhandle, er i alvorleg krise.
Så seint som torsdag denne veka skreiv ein representant for den tamilske geriljagruppa LTTE på ei internettside at det tamilske mindretalet på Sri Lanka no gjer seg klar for krig.
Over 60.000 menneske har mist livet i borgarkrigen i Sri Lanka sidan 1972.
Vurderer forslag
Samstundes blir det meldt frå Colombo i dag at LTTE-geriljaen, også kalla Tamiltigrane, vil vurdere eit norsk forslag som nyleg vart sett fram av Jon Hanssen-Bauer.
Han inviterer partane til eit møte i Noreg 8.-9. juni for å diskuterer rolla til denn nordiske observatørstyrken. Men LTTE-geriljaen har gjort det klart at det ikkje blir snakk om å delta i nye fredssamtalar.
Den nordiske observatørstyrken i Sri Lanka er uvæpna, og LTTE-geriljaen har åtvarar styrken mot å eksortere skip frå den srilankiske marinen.
Medlemer av observatørstyrken vart for eit par veker sidan skadde då eit skip dei var med på vart angripe av geriljaen.