Hopp til innhold

Soldatar trudde dei skulle arrestere farleg terrorist

Soldatar som vart sende ut for å arresterte president Recep Tayyip Erdogan under kuppforsøket sist fredag, fekk beskjed om at det var ein viktig terroristleiar dei skulle ta.

Tyrkiske soldatar etter kuppforsøket.

Tyrkiske soldatar i kø for å overgi seg etter at kuppforsøket vart slått ned natt til laurdag.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Soldatane vart flogne med helikopter til kystbyen Marmaris, der Recep Tayyip Erdogan ferierte saman med familien sin. Først i løpet av flyturen fekk dei vite at det var gjennomført eit statskupp, melder CNN.

Det er uklart kva som skjedde vidare etter at soldatane var framme i Marmaris, og om det vart gjort eit reelt forsøk på å arrestere presidenten. Det har kome fram tidlegare at eit jagarfly sendt ut av kuppmakarane hadde flyet til Erdogan i siktet , då han var på veg frå Marmaris til Istanbul natt til laurdag.

Store utreinskingar

Feiring i Tyrkia.

Mange tyrkarar har feira i gatene etter at kuppforsøket vart slått ned. President Erdogan blir hylla som ein helt av tilhengjarane sine.

Foto: Petros Giannakouris / Ap

Samstundes held utreinskingane fram i Tyrkia. Oberst Erkan Kivrak, ein av dei nærmaste militære medarbeidarane til Erdogan, er arrestert på mistanke om at han har band til kuppmakarane.

Muharrem Kose, som var juridisk rådgjevar for generalstaben i det tyrkiske forsvaret, er skulda for å vere ein av leiarane bak det mislukka kuppforsøket. Arrestasjonen av Kose skjedde i går,

Rundt 50.000 soldatar, politifolk, dommarar og lærarar er arresterte eller fjerna frå jobbane sine etter kuppforsøket, i det som er eit varsla utreinsking i statsapparatet, militæret og akademia.

I dag innførte under visnings- og utdanningsstyresmaktene eit forbod for alle akademikarar mot å reise til utlandet, ifølgje kringkastingsselskapet TRT. Forbodet gjeld inntil vidare, heiter det.

– Viktig møte

I dag kom også president Erdogan tilbake til hovudstaden Ankara, etter å ha vore i Istanbul sidan han kom dit natt til fredag. Han skal leie eit møte i det nasjonale tryggingsrådet, det første møtet etter kuppforsøket.

Erdogan har varsla at det vil kome ei viktig kunngjering etter møtet, som blir halde i presidentpalasset i byen.

Tyrkia har no formelt sendt krav til USA om å få utlevert den islamske leiaren Fethullah Gülen, som dei meiner står bak kuppforsøket . Gülen lever i eit sjølvpålagt eksil i den amerikanske storbyen Philadelphia.

Recep Tayyip Erdogan (t.v.) og Fethullah Gülen.

Recep Tayyip Erdogan (t.v.) skuldar Fethullah Gülen for å stå bak kuppforsøket i Tyrkia sist fredag.

Foto: SELAHATTIN SEVI / Afp

Gülen var tidlegare ein viktig støttespelar for Erdogan og regjeringspartiet AKP, men seinare vart dei bitre fiendar. Gülen ber amerikanske styresmakter om ikkje å utlevere han, fordi han fryktar det han kallar ei politisk hemn frå Tyrkia.

Han seier at Erdogan vil gjere kva som helst for å styrkje makta si og forfølgje kritikarane.

Obama lovar hjelp

I ein telefonsamtale mellom Erdogan og USAs president Barack Obama i går lovde Obama å hjelpe Tyrkia med etterforskinga av kuppforsøket. Det er uklart om dei diskuterte ei eventuell utlevering av Gülen, men Obama gjorde det klart at USA fordømmer kuppforsøket på det sterkaste.

Fleire vestlege land har uttrykt uro over utreinskingane i Tyrkia, som dei fryktar er eit brot på demokratiske spelereglar. Erdogan sjølv ber EU passe sine eigne saker , etter at det kom fram kritikk mot massearrestasjonane.

Tyrkia-Marmaris

SISTE NYTT

Siste nytt