Hopp til innhold

Soldatar sikta for å ha tissa på døde taliban-opprørarar

To av dei fire amerikanske marinesoldatane som urinerte på lika til døde Taliban-opprørarar i Afghanistan i fjor, risikerer straff.

Video Soldater i Afghanistan urinerer på døde talibanere

SIKTA: To av soldatane i denne videoen, som urinerer på døde Taliban-opprørarar i Afghanistan, er no sikta.

Dei fire marinesoldatane skapte sterke reaksjonar tidlegare år då ein video viser at dei urinerte på døde Taliban-opprørarar, og poserte for fotografar saman med dei blodige lika.

No er to av dei sikta for å ha brote dei etiske retningslinjene til marinesoldatar i Afghanistan.

– Umenneskeleg

Videoklippet som dukka opp på nettet i januar, viser fire amerikanske soldatar som urinerer på tre blodige lik.

Hendinga skjedde så langt tilbake som i juli 2011, og no annonserte det amerikanske forsvarsdepartementet at to av soldatane risikerer straff.

Filmen spreidde seg raskt på internett, og skapte stor merksemd tidlegare i år.

Då videoen kom den afghanske presidenten Hamid Karzai for auge, kalla han handlingane til soldatane for «umenneskelege».

Amerikanske soldater urinerer på talibanere

SIKTA: To av desse amerikanske soldatar er sikta for å ha urinert på Taliban-opprørarar, og posert saman med dei blodige lika.

Foto: HANDOUT / Reuters

Videoen viser også at ein av mennene som urinerte på dei døde, tydeleg klar over at han blei filma, seier: «Ha ein fin dag, kompis» til ein av dei døde.

Tre innrømte skuld, to er sikta

Tre av marinesoldatane erklærte seg skuldige allereie i august, men det har likevel ikkje fått vidare konsekvensar.

Først no kunngjer det amerikanske forsvarsdepartementet at to av dei vil bli stilt for retten på grunn av handlingane.

Blir etterforska for fleire tilhøve

Dei to tiltalte soldatane står også overfor ei rekke andre tiltalepunkt for å ha gjort ein dårleg jobb i å føre tilsyn over nye rekruttar.

Mellom anna skal dei ha unnlete å rapportere om aktlaus sprenging av ein handgranat, og ikkje passa på at andre soldatar hadde godt nok beskyttelsesutstyr.

I kjølvatnet av videoen er marinesoldatane også under etterforsking for fleire tilhøve relatert til hendinga, men marinekorpset vil ikkje kommentere meir utover det som allereie er kjent.

SJÅ VIDEOEN ØVERST I SAKA

SISTE NYTT

Siste nytt