NRK Meny
Normal

Bloody Sunday-soldatar kan bli sikta for drap

Statsadvokaten i Nord-Irland vurderer om det skal reisast sak mot nokre av dei britiske soldatane som deltok i Bloody Sunday-massakren i Londonderry i januar 1972.

John Kelly var ein av mange som jubla for David Cameron si orsaking i Londonderry i går.

John Kelly var ein av mange som jubla for David Cameron si orsaking i Londonderry i går.

Foto: PAUL FAITH / Afp

Det tok 12 år å få ferdig Saville-rapporten.

Det tok 12 år å få ferdig Saville-rapporten om det som skjedde i Londonderry 31. januar 1972.

Foto: Niall Carson / Ap

I går bad statsminister David Cameron om orsaking på vegner av den britiske regjeringa og det britiske folk for det som skjedde då 14 unge demonstrantar vart skotne og drepne av britiske fallskjermsoldatar 31. januar 1972.

Ein granskingsrapport slår fast at berre dei britiske soldatane kan lastast for det som skjedde.

LES OGSÅ: Bad om orsaking for "Bloody Sunday"

LES OGSÅ: Fikk endelig svar om Bloody Sunday

- Seriedrapsmann

John Kelly var ein av dei mange som såg på overføringa av Cameron si framføring av orsakinga i parlamentet i London på storskjerm på eit torg i Londonderry i går ettermiddag. Han miste broren sin Michael i skytinga.

Statsminister David Cameron bad om orsaking for Bloody Sunday.

Statsminister David Cameron bad om orsaking for Bloody Sunday i parlamentet i går.

Foto: Ap

- Den unge broren min vart myrda på Bloody Sunday. Soldat F drap han, og same soldaten tok livet av tre andre. Det var overlagt drap, og han kom unna med det, seier John Kelly til nyheitsbyrået AFP.

Han refererer til ein soldat, som berre blir identifisert med militær tittel og bokstaven F i rapporten. John Kelly meiner mannen er ein serledrapsmann.

- Seriedrapsmenn blir etterforska og seriedrapsmenn blir sette i fengsel. Og etter mi meining må det skje også med soldat F, seier han.

LES OGSÅ: Den blodige søndagen i 1972

LES OGSÅ: Den blodige søndagen i 1972

Kritisk til rapporten

Ein advokat som presenterer soldatane, Stephen Pollard, har gått hardt ut mot rapporten som vart lagt fram i går. Han meiner at lord Saville, som har leidd arbeidet med rapporten, var under press for å trekkje ein klar konklusjon, sjølv om det ikkje var grunnlag for det.

- Han har plukka ut bevis som passa inn i mønsteret som skal gi dei britiske soldatane skulda, og han har teke bort bevis som gjekk mot dette, seier Pollard blant anna.

Det var dåverande statsminister Tony Blair som tok initiativ til rapporten om Bloody Sunday i 1998. Det har teke 12 år å bli ferdig, og det har kosta 190 millionar pund, rundt 1,8 milliardar kroner.

Dei frammøtte i Londonderry bar plakatar med bilete av dei drepne.

Frå Londonderry i går. Dei frammøtte bar plakatar med bilete av ungdomane som vart drepne på Bloody Sunday.

Foto: Julien Behal / Ap
Også born deltok i markeringa i Londonderry 15. juni.

Også born deltok i markeringa i Londonderry 15. juni

Foto: CATHAL MCNAUGHTON / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt